NRK Meny
Normal

Tørum vil «blodtoppe» laget i cupen

Start-trener Knut Tørum tek ingen sjansar mot 3. divisjonslaget Mandalskameratene i morgon og vil ikkje spare sine beste. Målet er å nå cupfinalen.

Knut Tørum

JAKTAR CUPFINALE: Start-trenar Knut Tørum vil gjere det han kan for å nå cupfinalen i år.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Det blir blodtopping. Vi satsar knallhardt på å gå vidare. I år vil vi til cupfinale, seier Start-trenar Knut Tørum til NRK.

Håpar på Fløy

Før 3-0 sigeren mot Kongsvinger 16. mai stod laget med tre strake serietap. I mellomtida slo laget Jerv i 1. runde i cupen.

– Det er kjempeviktig å få dei positive opplevingane, som vi til dømes fekk mot Jerv. Dette kan vi ta med oss inn i dei andre kampane, seier han.

– Det er jo ikkje noko heilt anna vi held på med i cupen, sjølv om det er mot Jerv eller Mandalskameratene eller forhåpentlegvis Fløy i runden etter det, seier Tørum.

Odd vil kvile

Fløy møter Odd Grenland i sin 2. rundekamp. I Odd-leiren er det ei heilt anna innstilling til cupkampen mot 2. divisjonslaget.

– Det er vel opplagt at sentrale spelarar kvilast også denne gang, sjølv om cupbomba var nær mot Hærkules i 1. runde. Kva spelarar som reiser nedover veit vi førebels ikkje, skriv Odd på sine nettsider.