NRK Meny
Normal

Tørum trur på Start-medalje

Start-trenar Knut Tørum trur sørlendingane kan kjempe om edelt metall i årets eliteserie.

Knut Tørum og tabell

TRUR PÅ MEDALJE: Start-trenar Knut Tørum trur laget kan kjempe heilt i toppen av eliteserien i sesonginnspurten.

Foto: Håvard Raustøl/NRK - Montasje: Kari Løberg Skår/NRK

– Det er heilt opp til oss sjølve. Vi har nokre kampar att som er lettare enn Rosenborg på Lerkendal, seier Tørum til Fædrelandsvennen.

Vi tek kamp for kamp, og summerer etter kvar femte. Men vi har ei god moglegheit dersom vi gjer jobben dei fire neste kampane, legg han til.

Må vinne fem

Start ligg sju poeng bak Aalesund då ni serierunder står att. Før sesongen sette Start seg mål om 48 poeng. Det betyr at Start må vinne fem og spele ein uavgjort på dei ni siste kampane for å nå målet.

LES OGSÅ: Kleiven jaget av elg
LES OGSÅ: Får kamp om Bolaños

– Dersom alt går vår veg, kan vi få ei god plassering. Og det kan ende med medalje dersom laga over oss ikkje gjer jobben sin. Vi kjem til å gjere alt vi kan for å behalde spenninga og moglegheita, seier Tørum.

– Kjem de til å gjere noko spesielt i siste tredjedel av sesongen?

– Vi skal halde oppe trøkket på treningane, for så å trappe ned litt mot slutten. Treningsveka er kjempeviktig, og kanskje vi nokre gonger har køyrt litt hardt inn mot kamp. Det skal vi ta betre høgde for no, seier Start-trenaren.

Ein kamp av gangen

– Det mentale vert kanskje det aller viktigaste i siste del av sesongen. Det å nullstille og ta ein kamp av gangen blir avgjerande, seier han.

Så langt meiner Tørum at laget har prestert betre enn han hadde forventa.

– Vi ligg litt føre det eg hadde trudd, og til tider har vi vist kva som bur i oss. No gjeld det berre å få avslutta på ein god måte, seier trenaren.

LES OGSÅ: RBK vant cupthriller mot Start
LES OGSÅ: – Goodson blir ut sesongen

Til helga møter Start Rosenborg på Sør Arena. Sist laga møttest var det tap og cup-exit for sørlendingane. Tørum lovar eit revansjesugent Start-lag søndag.

– Rosenborg har ein tendens til å vinne kampane dei spelar, men det kan ikkje vare evig det heller. Vi får vår sjanse på søndag, seier han.