Hopp til innhold

Tørum tek tak i det defensive

Start er det mestscorande laget i eliteserien, men samtidig renn måla inn bak keeper Kenneth Høie. No tek trenar Knut Tørum tak før møtet med Odd Grenland på onsdag.

Knut Tørum

VIL TA TAK: Start-trenar Knut Tørum vil gjere det han kan for å sleppe inn færre mål. Start er det laget som har scora flest mål så langt i eliteserien.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Det er veldig mange mål begge vegar, men dersom du tek utgangspunkt i den siste kampen har Brann høg utteljing. Vi føler vi gjer mykje bra, men føler vi har ein del missar og svakheiter som vi vert straffa på. Det skal vi jobbe veldig for å prøve å plukke vekk, seier Tørum til NRK.

Effektive

Så langt har Start scora 15 mål og slept inn 10 mål i eliteserien. Tørum er imponert over eige mannskap offensivt. Laget har scora tilsaman 12 mål mot motstandarar som Rosenborg, Vålerenga og Brann. I går slo Start Brann 4-3 i Bergen.

– Vi er veldig gode til å utnytte sjansane når vi ser at vi har ein sjanse til å score mål. Det var nok ikkje den mest blendande angrepskampen vi har hatt i år, men vi viser spesielt god effektivitet, seier Start-trenaren.

– Så handlar det litt om å gjere dei rette tinga, ha dei rette ferdigheitene og ikkje minst ha trua på at vi skal lukkast. Den trua veks nesten utanpå spelarane no, seier han.

Nullstille

På onsdag møter Start Odd Grenland på Sør Arena. Bergensaren ventar ein tøff kamp mot laget frå Skien.

– Det er viktig å nullstille. Det er viktig for gutane å vere offensive og gjere dei rette tinga fram mot onsdag. Odd Grenland er eit veldig offensivt lag med mykje offensive krefter og eit rutinert mannskap. Det blir nok ein ny batalje, avsluttar Tørum.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %