– Trist å gå på kamp når tanken om juks slår deg

Tidlegare eliteserietrenar Knut Tørum har sjølv tenkt tilbake på «mistenkelege» kampar som han har vore involvert i. Han meiner spelselskapa må ta litt av skulda for mistanken om kampfiksing i norsk fotball.

Knut Tørum

- TRIST: Tidlegare topptrenar, Knut Tørum,

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Det er trist at vi som tilskodarar skal ha i bakhovudet at spelarar kan få gult kort med vilje for at nokon skal vinne ein slump med pengar, seier den tidlegare Start- og Rosenborg-trenaren til NRK.no.

Han meiner at dei mange spelmoglegheitene gjer det lettare å jukse. Mange tippeselskap tilbyr eit titals tippemoglegheiter på enkeltkampar.

I tillegg til riktig resultat er det til dømes mogleg å tippe på første målscorar, første gule kort og kva lag som får første frispark.

– Skadeleg

– Moglegheitene til å jukse er definitivt til stades. Det er nærast umogleg å kontrollere om ein spelar får gult kort med vilje, seier han.

– For fotballen sin del er dette berre frykteleg trist. Det er klart dette er skadeleg for fotballen. Dersom du går på kamp no vil sjølvsagt tanken om kampfiksing slå deg, seier Tørum.

For litt over ei veke sidan var han på tribuneplass på Sør Arena då Start møtte Ull./Kisa.

– Eg trur jo ikkje at det skjedde noko der, men du byrjar jo å tenkje, seier han.

Hevdar dei visste resultatet

Dagbladet skriv i dag at gamblarar hevdar at dei visste at oppgjeret mellom Rosenborg og Strømsgodset ville ende uavgjort på førehand. Oppgjeret enda 3–3 på Lerkendal.

Kampen vart spelt på same dag som Østsiden – Follo og Asker Frigg, som er under etterforsking. Tørum har vanskeleg for å tru at dette har skjedd i norsk fotball.

– Eg har vanskeleg for å tru at resultat har blitt påverka, sjølv om eg ikkje kan seie med handa på hjartet at det aldri har skjedd. Då er det lettare å pådra seg gult kort med vilje. Det er umogleg å kontrollere, seier Tørum.

I løpet av dagen vil politiet kalle inn fleire personar til avhøyr i kampfiksingsaka.

Ull/Kisa-spiller mistenkt for kampfiksing

MISTENKT: Ein Ull/Kisa-spelar er mistenkt for kampfiksing. Ifølgje TV2 nektar spelaren for at han skal ha sett pengar på at laget hans skulle tape mot Hamkam.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Klare retningsliner

Sjølv har ikkje fotballtrenaren verken høyrt om, eller fått tilbod om pengar for å «fikse» resultat.

– Aldri! Men eg vart kontakta av ein tippar då eg var trenar i Kolbotn ein gang. Han ville ha info om skadesituasjonen før kamp. Då gjorde eg det klart at eg ikkje ville seie kva lag han skulle setje pengar på. Eg berre orienterte om skadesituasjonen i laget vårt, seier Tørum.

Tørum har heller aldri tippa på kampar han sjølv har vore involvert i.

– Det er klare retningsliner på det frå Fotballforbundet. Å spele på eigne kampar er ikkje lov. Når det er sagt er eg så elendig til å tippe uansett, så eg har funne ut at eg like godt kan spare dei pengane, ler Tørum.

Fekk tilbod om pengar

Leif Gautestad

KAMPFIKSING: ØIF-trenar Leif Gautestad opplevde at ein trenarkollega fekk tilbod om pengar mot at han stilte med eit svakare mannskap.

Foto: Kim Nystøl / NRK

Ein annan trenar som har opplevd kampfiksing på nært hald, er handballtrenar Leif Gautestad. For ti år sidan opplevde han at ein trenarkollega fekk tilbod om pengar.

– Eg veit at ein annan trenar vart kontakta den gangen. Det var nokon som ynskte at resultatet skulle gå deira veg, og at trenaren ikkje stilte med sine beste menn, seier Gautestad til Fædrelandsvennen.

Gautestad er overbevist om at kampfiksing ikkje er unikt i fotballen.

– Men i kva grad det skjer i andre idrettar, og om det er organisert, det veit eg ikkje, seier Gautestad som aldri har hatt mistanke om at eigne spelarar går på bana for å tape ein handballkamp.