NRK Meny
Normal

Tørum har ein plan

Start-trenar Knut Tørum og spelarane er ferdig med evaluering av årets sesong. No varslar han endringar føre 2010-sesongen.

Start-trener Knut Tørum
Foto: Teigen, Trond Reidar / Scanpix

– For å unngå å hamne på vårt lågaste nivå i kampar, skal vi ha ein plan B og C i 2010, seier Tørum til klubben sine nettsider.

– For dårleg botnnivå

Start-trenaren er nøgd med mykje denne sesongen. Start enda til slutt på 9. plass. Men alle er einige i at botnnivået er alt for lågt. Laget tapte blant anna 1-8 på bortebane mot Molde.

– Både spelestilen, organiseringa vår, kommandolinje på bana og mentaliteten må betrast. Dette må trenast inn i kvardagen og vi har eit internt forbetringspotensial. Vi må ha betre medarbeidersamtalar mellom støtteapparat og spelargruppa. Spelarane må dessutan bli meir proffe i treningskvardagen og rammene rundt denne, seier Tørm.

Start rundspelt

Start-keeper Kenneth Høie måtte sjå åtte ballar går i nettet borte mot Molde.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Skal trene meir

– Og det betyr?

– At dei må vere meir nøye med skadeførebyggjande arbeid, følgje betre opp råd frå fysioterapeutar for å halde seg skadefri. Vi må også bli flinkare på restitusjonsbiten etter trening og kampar. Dette vil vere med på å heve kvaliteten på treningane våre, seier Start-trenaren.

Tørum Start-Molde

Meir skadeførebyggjande arbeid skal gje resultat.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Det betyr endring på treningsfeltet og auke i treningsmengdene for Start-laget.

– Treningsveka blir annleis. I år har vi inkludert kamp hatt åtte økter per veke, neste år aukar vi dette med ei økt. Det blir ei god langkøyringsøkt som skal gje kroppen betre evne til å klare høgintensitet og intervalltreningar. Langøkta blir roleg med mange repetisjonar på både tekniske og taktiske detaljar, seier Tørum.

– Mykje positivt

Sjølv om Tørum har mykje å setje fingeren på etter evalueringa, tek han også med seg mykje positivt frå årets sesong.

– Absolutt, og det er viktig at vi byggjer på dei suksessfaktorane som vi hadde når det gjekk som best i kampane. Det vi er gode på må vi halde fram å dyrke, understrekar Tørum.

Mads Stokkelien scorar mot Bodø/Glimt

Start-laget skal ta med seg det positive frå årets sesong. Her vert stjerneskotet Mads Stokkelien gratulert med scoring.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX