Hopp til innhold

Toppscoraren gir seg i Vipers

Tyske Angie Gesche forlet Vipers Kristiansand etter denne sesongen.

Angie Geschke, Vipers Kristiansand

Angie Geschke gir seg i Vipers etter denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg har blitt teke veldig godt imot og har vore glad for å vere i klubben. Eg er også glad for at eg tok sjansen og reiste til Kristiansand, seier ho i ei pressemelding.

Toppscorar i serien

– Men eg må også erkjenne at eg har veldig sterk heimlengsel. Eg saknar Tyskland, familie og vener mykje. Dessutan ynskjer eg å bruke tid på karrieren mi etter handballen. Difor har eg bede om å få kontrakten mi oppheva, seier ho.

Geshcke er toppscorar for Vipers Kristiansand denne sesongen med til saman 105 mål så langt. Seinast onsdag vart ho toppscorar for rosatrøyene då laget slo Byåsen borte.

Det er berre Izabela Duda (Oppsal), Linn Jørum Sulland (Larvik) og Ida Alstad (Byåsen) som har scora fleire mål i årets eliteserie. Sportssjef i Vipers, Peder Langfeldt, tykkjer det er leit at ho no reiser frå Kristiansand.

– Vi har blitt veldig glade i Angie og er takknemlege for det ho har tilført Vipers Kristiansand denne sesongen, og tykkjer difor det er kjedeleg at ho reiser heim, seier han.

– Men ettersom ho hadde eit veldig sterkt ynskje om å flytte nærare familie og vener i Tyskland, har vi valt å etterkomme dette, seier sportssjefen.

Jaktar erstattar

Vipers-trener Peder Langfeldt håper seieren mot Levanger blir et vendepunkt for laget.

Peder Langfeldt

Foto: Sander Heggheim / NRK

Klubben går no i gang med å finne erstattaren til tyskaren.

– Vi er godt i gang med å legge spelarkabalen føre neste sesong, og målet er å erstatte Angie og samstundes styrkje laget slik at vi står godt rusta føre neste sesong, seier han.

Angie Geschke får ei god avslutning i Vipers-drakta. I siste serierunde mot Larvik skal klubben spele sin første kamp i den nye hallen i Aquarama. Etter dette kan det også bli spel i sluttspelet.

– Eg vil gjere alt eg kan for at Vipers Kristiansand avsluttar sesongen best mogleg, og eg er glad eg får moglegheit til å spele i byens storstove med 1900 tilskodarar mot Larvik og i sluttspelet, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %