– No er den som ny igjen. No er det berre å få polert den ferdig og så vert den køyrt opp i neste veke og sett på plass der den høyrer heime, seier kunstnar Bjørn Sørvang Hansen til NRK.no.
Det var 27. juni at Tom Lund-statuen utanfor Åråsen stadion vart halshogga. Hærverket skjedde berre tre dagar før «hatoppgjeret» mellom Vålerenga og Lillestrøm.
Kosta over 60 000 kroner
Hovudet til Tom Lund-statuen vart kappa av tre dagar før oppgjeret mellom Lillestrøm og Vålerenga i juni.
Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB scanpixStatuen vart send til Hageland kunst- og metallstøperi i Mandal der det har pågått intenst restaureringsarbeid dei siste vekene. Hovudet til statuen var borte slik at kunstnaren måtte støype eit nytt hovud.
Heldigvis hadde bronsestøyparen i Mandal teke vare på den 23 år gamle gipsforma slik at nytt hovud kunne støypast.
– Vi har restaurert heile statuen. Eg ser veldig fram til at den kjem på plass igjen på Åråsen. Eg likar at tinga eg har laga er i orden, seier Hansen.
– Kva utfordringar har de møtt på?
– Mest i forhold til å skjule skøyten der vi har sveisa hovudet på. Så vi har sveisa i skjortekanten, slik at den ikkje syner, seier han.
Kunstnaren reknar med at restaureringa har kosta litt over 60 000 kroner. I tillegg til å ha fått hovudet på plass er det gjort nokre endringar på statuen.
– Planen er å få ein litt høgare sokkel. I tillegg vil vi leggje på litt grønfarge for å illustrere at han er på ei fotballbane, seier Hansen.
– Som å miste ein nær ven
Halshogginga vekte sterke reaksjonar i Lillestrøm. Fleire NRK snakka same dag som hæverket vart oppdaga, var særs opprørte over synet som møtte dei.
– Eg byrjar faktisk å gråte og svelgjer tungt no også. Dette er skikkeleg, skikkeleg trist, sa Lillestrøm-supportar Lillan Solberg.
Også kunstnaren uttrykte seg sterkt etter at hærverket vart kjent.
– Eg håpar dei får ei straff som gir dei ein lærepenge for livet. Eg er veldig skuffa. Det er som å miste ein nær ven du har kjent i mange år, sa Bjørn Sørvang Hansen i juni.
Tom Lund-statuen vart sett opp i 1990 og har fleire gonger vore utsett for hærverk i samband med oppgjera mellom Lillestrøm og erkerival Vålerenga. No håpar kunstnaren at statuen får stå i fred.
Hovudet er endeleg på plass igjen på Tom Lund-statuen.
Foto: Tor Saltrøe / NRKHåpar den får stå i fred
– Det må vere folk som ikkje har noko å gjere. Eg håpar den får stå i fred når vi lagar litt høgare sokkel. Eg har også oppfordra Lillestrøm til å ha litt høgare sikkerheit rundt den, seier han.
NRK har ikkje lukkast å komme i kontakt med Lillestrøm torsdag. Tidlegare har pressesjef Ole Kristian Bakkene sagt til NRK.no at klubben ikkje ynskjer å ha stor sikkerheit rundt statuen.
– Vi tekn nokre sikkerheitsmessige hensyn, men vi vil ikkje gøyme han bort for publikum. Det er jo difor den står der. Det er heller ikkje mogleg å ha videoovervaking fordi det er eit offentleg område, sa Bakkene i juli.
Det er kanskje første gang at ein statue av ein fotballspelar mista hovudet, men støyperiet får stadig inn skulpturar som er øydelagde.
– Mykje er hærverk, men noko kan vere at metallprisen er høg. Akkurat dette må vi nesten tru at er litt ungdommeleg galskap, seier bronsestøypar Jan Sverre Hageland.