NRK Meny
Normal

Tok sitt andre strake NM-gull

Dristug sine volleyballgutar forsvarte NM-gullet frå i fjor då dei gjekk til topps i NM for 17-åringar i Namsos søndag.

Dristug tok NM-gull

Dristug-spelarane jublar for sitt andre NM-gull på to år.

Foto: Marion Byggstøyl

– Det er heilt fantastisk. Gutane har ein mentalitet som imponerer, seier trenar Jetmund Berntsen til NRK.

– Vi har akkurat det same laget som i fjor, medan konkurrentane har gjort alt dei kan for å forsterke seg for å slå oss. Likevel klarer vi det. Det er både overraskande og veldig solid, seier trenaren.

Slo Austrått

I år, som i fjor, var det Austrått som stod på motsett banehalvdel i finalen. Og igjen var det Åmli-klubben som trekte det lengste strået då dei vann 2–1. I siste og avgjerande sett vann sørlendingane 16-14.

– Noko av det vanskelegaste du kan gjere er å forsvare ein tittel. Vi vann ein jamn finale i fjor. Vi var kanskje litt heldige i fjor då vi ikkje spelte så bra, seier han.

– Dei andre laga har slege saman junioravdelingar for å få opp nivået. Likevel klarer vi å stå imot. Det er utruleg imponerande, seier Berntsen.

Berntsen spelte sjølv på eliteserielaget til Dristug tidleg på 2000-talet. I 2003 trekte klubben seg frå eliteserien på grunn av dårleg rekruttering.

– Ekstreme vinnartypar

– Vi har ein generasjon med ekstreme vinnartypar. Det er ein fryd å jobbe i lag med dei. Eg kan ikkje vere anna enn imponert. Dette er utruleg stort. Men vi har ikkje nokon hast med å komme oss opp i eliteserien, seier han.

Åmli-ordførar Reidar Saga ringde trenaren rett etter finalesigeren. No håpar Berntsen på gullfest i Åmli måndag.

– Det vart jo ei god feiring i fjor, og sidan vi klarte det ein gang til må det bli endå betre denne gangen, ler han.

– Eg reknar med dei stiller opp for gutane. Det fortener dei absolutt, legg han til.

Reidar Saga

Ordførar Reidar Saga

Foto: Miriam Grov / NRK
Ordføraren lover fest

Ordføraren i bygda følgde sjølv med på finalen via tekstmeldingar.

– Kampen gjekk jo ikkje på tv, så eg var hos ein nabo der vi fekk oppdateringar undervegs. At dei skulle klare dette var utruleg kjekt. Det vart jubel og rop då vi fekk den siste meldinga, seier Saga til NRK.

No lovar ordføraren gullfest i Åmli.

– Det blir kake, pizza og brus, seier han.

Saga er klar på at volleyballen betyr mykje for Åmli.

– Vi likar jo å kalle oss volleyballbygda. At dei skulle klare det igjen er ei stor bragd. Ein utruleg sterk prestasjon, seier ein stolt ordførar.