Tok med borna for å fokusere på sikkerheit

Etter mange år med førebyggande tiltak, er det framleis for mange arbeidsulukker i anleggsbransjen. Entreprenøren Veidekke brukte born for å fremje sin bodskap.

Entreprenøren Veidekke tok onsdag med seg barn på anleggsplassen i Kristiansand for å fokusere på helse, miljø og sikkerheit.

Sjå reportasje: Onsdag tok entreprenøren Veidekke med seg born på jobb for å fokusere på helse, miljø og sikkerheit.

Små entreprenørar fekk onsdag boltre seg på foreldra sin arbeidsplass på Torvet i Kristiansand.

Entreprenøren Veidekke brukte born for å fokusere på helse, miljø og sikkerheit.

– Det skal vere så trygt på våre byggeplassar at vi kan ta med dei som betyr aller mest for oss, seier konserndirektør Hege Schøyen Dillner.

Regionsjef i Maskinentreprenørenes Forbund, Oskar Tore Åsen, seier det er mykje å forlange.

– I utgangspunktet er ein anleggsplass eit lukka anlegg, men det skal vere så trygt at born kan gå der, og det er eit slags symbol.

10 dødsfall i året

Alvorlege ulukker med dødsfall skjer omtrent ti gonger i året i anleggsbransjen i Noreg, og tala er stabile.

Trass ein farleg bransje er det mange som vil jobbe i anleggsbransjen, og den vil krevje mykje arbeidskraft framover. Åsen seier dei går tidleg ut for å orientere folk om risikoen.

– Det er nok noko som trigger born og ungdom når det gjeld å køyre gravemaskiner og store maskiner. Difor er vi mange gonger ute i barnehagane for å få dette tidleg inn, for vi veit at mange av desse borna vil vi møte igjen når dei blir lærlingar og i arbeidslivet.

Tal viser at unge arbeidstakarar er meir utsett for arbeidsulykker med døden til følgje. Åsen trur ikkje det har med uforsiktigheit å gjere.

– Eg trur det går på erfaring og opplæring. Det er viktig at dei får den opplæringa dei treng i bedrift frå arbeidsgivar si side, og at dei får dei sikkerheitskursa som dei må ha.

Stadig nye tiltak

Distriktsleiar i Veidekke Agder, Are Westbye, seier dei registrerer alle arbeidsulykker, både store og små.

Are Westbye

Distriktsleiar i Veidekke Agder Are Westbye.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

– I fjor hadde vi 18 personar som fekk plasterskadar eller førstehjelp. Det var blant anna snakk om kutt i fingeren, og nokon som fekk støv på auga som måtte skyljast. Vi målar alle hendingar.

Entreprenøren Veidekke hadde 22 alvorlege ulukker totalt i fjor. Ingen av desse var i Agder.

Bransjen sett stadig inn nye tiltak, ifølgje Westbye.

– Eitt av dei konkrete tiltaka som er innført med verknad frå årets HMS-veke er kravet om ryggekamera på alle lastebilar som leverer varar til våre byggjeplassar. Det skal gjere det endå sikrare for sjåføren og våre tilsetje å opphalde seg i og omkring alle dei lastebilane og leveransane som kjem til våre byggjeplassar.