Hopp til innhold

Huseigar stakk innbrotstjuv med kniv

Innbrotstjuven vart møtt av ein huseigar med kniv då han forsøkte å bryte seg inn i eit hus i Arendal.

Hilde Almåsstø politiadvokat

Huseigaren ringde politiet umiddelbart då han forstod at nokon var i ferd med å bryte seg inn i huset.

Politiet bad huseigaren gjere seg til kjenne for 38-åringen som forsøkte å bryte seg inn.

Likevel stoppa ikkje mannen innbrotsforsøket. Men då han var i ferd med å ta seg inn ei dør med kniv vart det bråstopp.

Stod klar med kniv

– Huseigaren klarte å ta kniven. Mannen har dermed kutta seg i den eine handa, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Per Kristian Klausen til NRK.

3–4 minutt etter at huseigaren hadde varsla politiet om hendinga var dei på adressa og tok hand om 38-åringen.

Innbrotstjuven er send til sjukehus der han får behandling for skadane.

– Det var såpass alvorleg at han er lagt inn på sjukehus. Utover det har eg ikkje opplysningar om kor store skadar det er, seier Klausen.

Familie til stades i huset

Hilde Almåsstø politiadvokat

Politijurist, Hilde Almåsstø.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Det er førebels uklart om huseigaren kan vente seg ein reaksjon etter å ha brukt kniv for å stoppe tjuven.

– Hendingsforløpet er ganske klart. Så får juristen avgjere kva som skjer vidare, om det er naudrett eller kva det er, seier Klausen.

– Det er for tidleg å seie noko om endå. Vi må sjå heilskapen før vi konkluderer med noko, seier jourhavande politijurist, Hilde Almåsstø.

Ifølgje politiet var ein heil familie til stades i huset då hendinga skjedde like før klokka halv fem natt til søndag.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %