Hopp til innhold

Togturen gjekk ikkje heilt som planlagt

Togpassasjerane som skulle frå Kristiansand til Oslo onsdag ettermiddag fekk ein litt lengre veg enn vanleg.

Togpassasjerane som skulle frå Kristiansand til Oslo onsdag ettermiddag fekk ein litt lengre veg enn vanleg.

På toget i Kristiansand fekk passasjerane beskjed om at eit tre hadde velta over togskjenene etter trefelling.

Etter litt tid kom det ein ny beskjed om at det var sett opp buss for tog mellom Kristiansand og Vennesla.

I Vennesla stod eit tog klart til å frakte passasjerane til Oslo.

– Vi beklagar

På toget i Vennesla kom plutseleg kontrabeskjed. Treet var fjerna og turen til Oslo vart stoppa.

I staden for å reise austover reiste toget tilbake med passasjerane til stasjonen i Kristiansand.

Der venta det opphavlege toget og tok passasjerane til Oslo ein time og 40 minutt forseinka.

– Det er berre å beklage forsinkinga, seier Liv Eggebø som er pressevakt i NSB.

Ho forklarar «rundreisa» med praktiske utfordringar.

Får refusjon

– Dersom vi hadde reist med toget frå Vennesla hadde det skapt problem utover kvelden og natta for andre avgangar. Difor valde vi å frakte passasjerane tilbake til Kristiansand, seier pressevakta.

Toget var meir enn 60 minutt forseinka. Det betyr at passasjerane har rett på refusjon.

– Passasjerane kan gå inn på nettsida vår eller ta kontakt med NSB, så får dei refundert 50 prosent av billetten, seier Eggebø.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %