Tøff 1500-meter for Spieler Nilsen

Simen Spieler Nilsen vart nummer 36 på 1500-meteren i OL i Sotsji.

Simen Spieler Nilsen

Simen Spieler Nilsen endar langt nede på resultatlista på 1500 meter.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Sørlendingen gjekk i par med Fyodor Mezentsev frå Kasakhstan, som vart for sterk og slo Spieler Nilsen.

Arendalitten gjekk inn til 1.49,88. Parkamerat Mezentsev fekk tida 1.49,70.

– Eg hadde håpa å gå fortare, men er ikkje veldig skuffa, seier Spieler Nilsen til TV2.

Spieler Nilsen var eigentleg 2. reserve på distansen, men fekk likevel gå.

Tidlegare i OL har han ein 25. plass frå 5000 meter. Det var også OL-debuten til skøyteløparen.