Hopp til innhold

Tobias (15) fekk drøymejobben

15 år gamle Tobias Hafrom drøymer om å bli fotballproff. Denne veka har 9.-klassingen vore assistenten til Start-trenar Mons Ivar Mjelde.

15 år gamle Tobias Hafrom drøymer om å bli fotballproff. Denne veka har 9. klassingen vore assistenten til Start-trenar Mons Ivar Mjelde.

Få eit innblikk i korleis Tobias har det i Start i denne videoen.

Dommarkort

Tobias fekk til og med namnet sitt på dommarkortet i kampen mellom Start og Vard Haugesund.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Mjelde får ta seg av den taktiske biten, seier 15-åringen.

– Det er klokt, ler Mjelde.

Dei to står på kunstgraset på Sparebanken Sør Arena i Kristiansand i underkant av ein time før cupkampen mot Vard Haugesund.

Fekk namnet på dommarkortet

Skuleeleven frå Slemmestad i Buskerud har hatt arbeidsveke i Start. Her har han samla inn ballar, fylt på drikkeflasker og ynskt motstandarlaget velkommen til Sørlandet.

– Det har vore gøy og eg har kosa meg kvar dag, seier Tobias.

15-åringen var til og med oppført på dommarkortet til kampen mot Vard Haugesund i Kristiansand. Der fekk han tittelen «assisterande lagleiar».

– Det er kjekt å ha slike som Tobias i arbeidsveke. Han får moglegheit til å komme tett på laget, sitje på benken under kamp og sjå korleis det indre livet er, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde.

Tobias Hafrom og Mons Ivar Mjelde

Tobias Hafrom og Mons Ivar Mjelde før oppgjeret mot Vard Haugesund i Kristiansand.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Gjekk i strupen på Vard

Det er Start som er klubben i hjartet til 15-åringen. Han er nevøen til tidlegare Start-spelar Tom Berhus. Han var mellom anna med då Start tok sølv i eliteserien i 2005.

Før kamstart utfordrar vi Tobias til å komme med resultattips.

– Eg trur vi vinn 3-0, seier han.

Tobias Hafrom

Tobias etter kampen mot Vard Haugesund der Start vann 4-0.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Vi skal minst vinne 3-0, tilføyer sjefen sjølv, Mons Ivar Mjelde.

Frå benken får 9.-klassingen sjå eit Start-lag som går rett i strupen på 2. divisjonsklubben Vard Haugesund. Matthias Vilhjalmsson sender sørlendingane i leiinga berre fire minutt ut i kampen.

Halvtimen seinare doblar Bismark Acosta leiinga. I andre omgang set Alejandro Castro inn 3-0, før Vilhjalmsson scorar dagens andre til 4-0, som også blir sluttresultatet.

Vil bli eliteseriespelar

Draumen til Tobias er å ein dag spele fotball på høgste nivå. Veka i Start har gitt inspirasjon.

– Det gir motivasjon til å jobbe hardt. Det ser gøy ut å vere fotballspelar, seier han.

Mons Ivar Mjelde håpar at han ein dag ser Tobias i Start-drakt som spelar.

– Eg håpar opphaldet kan inspirere og motivere han til å trene mykje. Alt er mogleg om du vil nok, seier han.

Rett etter kampslutt kom han med følgjande tips til Mjelde.

– Han burde gi unggutane sjansen. Han sette inn Matias Rasmussen, men han burde kanskje sett han inn tidlegare, seier 15-åringen.

Tobias Hafrom og oppmann Øyvind Evjen

Tobias Hafrom saman oppmann Øyvind Evjen under kampen mot Vard Haugesund.

Foto: Roy Emanuelsen/ikstart.no
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %