Hopp til innhold

Tre poeng unna seriegull etter ny siger

I fjor jubla ØIF Arendal for seriegull i Runarhallen. Søndag slo arendalittane Runar igjen og nærmar seg sitt andre strake gull.

ØIF Arendal

ØIF-spelarane jublar for viktig siger mot Runar Sandefjord.

Foto: Per Carsten Michelsen

– Det var ein jamn kamp mot eit lag som måtte vinne. Det vart nok mykje vanskelegare enn vi hadde trudd på førehand. Men heldigvis vart det ein lukkeleg utgang for oss, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

ØIF Arendal slo nedrykkstruga Runar Sandefjord til slutt 29-27, og set press på Haslum i gullkampen i eliteserien.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Per Carsten Michelsen er sportsleg leiar i ØIF Arendal.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

ØIF toppar tabellen tre poeng føre Haslum med tre serierundar att. Det betyr at ØIF treng tre poeng til for å sikre gullet.

Kan sikre gullet onsdag

– Vi surra vekk ein matchball i Trondheim. Vi ser at uansett kor vi kjem med ØIF, så skal motstandaren slå oss. Det er ein skalp dei gjerne vil ha i beltet sitt, seier Michelsen.

Dersom ØIF slår Viking Stavanger på heimebane onsdag, samstundes som Haslum avgjer poeng heime mot Stord er ØIF seriemeister igjen.

– Du forskotterer litt der, men det er ein besnærande tanke. Viking må ikkje undervurderast. Dei har til og med landslagsspelarar. At Haslum snublar mot Stord stiller eg meg vel tvilande til, men får vi det til hadde det vore kjempemoro, seier Michelsen.

Det er gratis inngang på onsdagens kamp mot Viking i Sør Amfi.

– Vi vil sjølvsagt gjerne vinne gullet på heimebane. Det hadde vore stort. Vi kjem nok til å følgje med på den andre kampen undervegs, seier han.

ØIF Arendal

ØIF slo Runar på bortebane søndag.

Foto: Per Carsten Michelsen

Fekk tøff kamp

ØIF leia 16–14 til pause og starta andre omgang forrykande. Fire minutt ut i omgangen viste resultattavla 19–14 til sørlendingane.

Men Frank Løke og Runar gav ØIF kamp til døra. Dei neste fem minutta henta heimelaget inn forspranget og leia 21–20.

Dei siste ti minutta vart kanskje meir spennande enn ØIF-supporterane hadde håpa på, men arendalittane drog til slutt i land sigeren.

NRK oppdaterer saka.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %