NRK Meny
Normal

To bilførarar mistenkt for promillekøyring

Her er politiloggen natt til laurdag.

04.46 Kristiansand: Ein bilførar er mistenkt for ruskøyring. Føraren som vart stoppa på Strai er pågripen av politiet.

03.11 Arendal: Ein mann er mistenkt for bilkøyring medan han var rusa. Mannen er pågripen.

02.28 Kristiansand: Ein rusa mann vart pågripen i sentrum fordi han hadde stole ei redningsbøye. Mannen er meld for tjuveri og for å ha laga bråk.

02.26 Kristiansand: Fire personar vart bortvist frå sentrum etter slåsting mellom fleire personar på Nedre Torv.

01.47 Mandal: Politiet vart tilkalla på grunn av ei kvinne som laga kvalme på ein utestad. Kvinna skal ha vore kranglete og vart bortvist frå staden.

23.45 Grimstad: Ein mann vart pågripen ved brannstasjonen. Mannen skal ha vore rusa og gjekk midt i vegen. Då politiet kom til staden skal han ha oppført seg trugande og bråkete.

20.15-23.00 Arendal: Politiet beslagla to førarkort på grunn av køyreatferd på Saltrød. Ein bil vart også avskilta på Stoa.