Hopp til innhold

To barn til sjukehus etter båtkollisjon

To jenter frå Rogaland er sende til sjukehus etter at to båtar kolliderte ved Furuholmen i Kristiansand. To personar vart slått medvitslause i kollisjonen.

båtskade etter ulykke

Den eine båten fekk ein liten bulk etter kollisjonen. Ingen personar er alvorleg skadde.

Foto: Kristine Sterud / NRK

Ulykka skjedde ved Furuholmen i Kristiansand.

Dei to unge jentene vart lettare skada, men får behandling på sjukehuset i Kristiansand.

– Det ser ut til å ha gått mykje betre enn det de første meldingane inn til politiet gav inntrykk av, seier operasjonsleiar Sveinung Alsaker.

Frå Rogaland

Øyvind Hægeland

Innsatsleiar på staden, Øyvind Hægeland.

Foto: Kristine Sterud / NRK

Ulykka skjedde etter at to båtar kolliderte. Ifølgje politiet skal den eine båten ha vore uoppmerksam og kollidert med ein annan båt.

– Den vesle båten har køyrd i den store og truleg ikkje sett den store, seier innsatsleiar på staden, Øyvind Hægeland.

Totalt skal det ha vore åtte personar i dei to båtane til saman.

I den eine båten var det fem personar frå Rogaland. Der var i denne båten dei to jentene som er sende til sjukehus sat i.

Furholmen i Kristiansand

Kollisjonen skjedde ved Furuholmen i Kristiansand.

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK

Ikkje høg fart

Det var også ein vaksen og to andre mindre ungar i denne båten. Dei kom uskadd frå hendinga.

Minst éin person hamna i sjøen.

Politiet vart varsla om ulykka ved 12.30-tida onsdag ettermiddag.

Alle involverte skal, etter det politiet kjennar til, ha brukt redningsvest. Det er ikkje mistanke om høg fart.

Båtulykke i Kristiansand

Materielle skadar på den vesle båten. Han skal ha treft med fremre del av båten.

Foto: Kristine Sterud/NRK

Fekk slepehjelp

Både politi, ambulanse, brannvesen og eit Sea King-helikopter reiste til staden. Dei første meldingane gjekk ut på at tre personar var medvitslause.

Seinare opplyste politiet at to personar vart slått medvitslause i kollisjonen. Men alle vart ved bevisstheit då dei blei frakta til sjukehuset.

Det var fleire vitne til hendinga. Desse hjelpte til med å slepe båtane til land. NRK får opplyst på staden at båtførarane sjølv var i stand til å føre båtane til land.

– Vi har ikkje detaljar om kva som har skjedd, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Sveinung Alsaker.

Båtene

Den vesle båten køyrde inn i den større som ligg bak.

Foto: Kristine Sterud / NRK

NRK oppdaterer saka.

Furuholmen, Kristiansand

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %