Hopp til innhold

Tjuvane angra og sende tjuvgodset tilbake i posten

Han var fråstole pc, viktige jobbdokument og private ting som pass, forsikringsbevis og ei 40 år gammal stilbok. Så kom postmannen med ei gledeleg melding.

Ivar Arne Kjerland

GLAD: Ivar Arne Kjerland er glad for at tjuvane returnerte personlege, uerstattlege eigedelar.

Foto: Privat

Episoden skjedde i førre veke då Ivar Arne Kjerland frå Skagerrak Antikvariat heldt på å lesse av varebilen sin i samband med Skandinavisk antikvarbokmessa i Oslo.

Ei vakt som skulle passe på bilen medan Kjerland var inne, vart avleda av to menn som kom bort til bilen, skriv Tvedestrandsposten.

Kjær stilbok forsvann

I løpet av dei neste sekunda var ein av mennene inne i bilen og tok med seg ein sekk - med ting som tilhøyrde Kjerland.

– I tillegg til både backup og pc, som aldri skal vere på same stad, og diverse papir, var det to ting eg var mest ergeleg over å miste. Det var ei gammal stilbok som er over 40 år gammal, som er har eit heilt spesielt forhold til. I tillegg var alle bestillingane som hadde komme på telefon til messa i sekken, seier Kjeland til NRK.no.

I stilboka var det blant anna ein gammal stil som skulle trykkjast i Granvin og Ulvik kyrkjeblad.

Ba til Gud

– Det var ikkje stort meir å gjere enn å ringje politiet. Dei oppførte seg veldig sympatisk. Dei sende ut melding til alle patruljane i området og gjorde det ein kunne forvente, seier Kjerland som hadde gitt opp å få tilbake tinga sine.

– Eg tenkte at dette ser eg aldri meir til, men eg ba min Gud i stille sinn «kan du ikkje sende meg stilboka», seier han til NRK.no.

Og bønnen vart høyrt. Tysdag denne veka kom det plutseleg ei stor overrasking i posten.

– Då kom postmannen med ein plastpose som var forsegla. Det stod at posen hadde komme til posten utan omslag. Når eg opna den var alt av papir, som hadde ligge i sekken der, fortel han.

– Alt var der

– Alle bestillingane min og den gamle stilboka. Ikkje nok med det, passet mitt og alt eg kunne tenkje meg å ha bruk for - bortsett ifrå pcen. Tjuvane hadde sikkert droppa tinga i næraste postkasse, seier han.

Kjerland vart særs glad då han såg at tinga hans kom til rette.

– Eg takka min Gud og sa at dette måtte vere eit under, ler han.

Og med stilboka på plass:

– Ja, då vert det stoff til kyrkjebladet i Bran og Ulvik likevel, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %