Hopp til innhold

Tiltalt for uaktsomt bildrap

Ein 23 år gammal mann frå Kristiansand må møte i retten etter at han køyrde ned ein syklist i Lyngdal i fjor.

Dødsulykke i Lyngdal

TILTALT: Ein 23 år gammal mann er tiltalt for bildrap i Lyngdal.

Foto: Ariel Fåland

Episoden fann stad i april i fjor. Mannen køyrde på ein 44 år gammal mann i Bukkesteinstunnelen på fylkesveg 43 i Lyngdal.

Bilføraren stakk frå staden rett etter ulykka. Det var sett i gang ein politiaksjon for å finne mannen.

Melde seg sjølv

Ein og ein halv time seinare melde han seg for politiet i Kristiansand.

– Klienten min erkjenner ikkje straffeskuld. Ut over det har eg ingen kommentar til tiltalen på noverande tidspunkt, seier 23-åringen sin forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen til avisa.

Den 44 år gamle syklisten frå Sørumsand i Akershus vart erklært død på staden.

23-åringen er tiltalt for å ha køyrt vidare utan å hjelpe 44-åringen.

Politiet si tekniske etterforsking viser at bilen heldt fartsgrensa i tunnelen. Det er heller ikkje funne tekniske feil på bilen til 23-åringen.

Sivilt krav

Det vil også bli reist sivile krav i retten.

– Eg har allereie meldt inn eit sivilt krav om oppreising i saka på vegne av avdøde si dotter som berre er 18 år gammal, seier bistandsadvokat Anne Rita Meberg til avisa.

Rettssaka startar på dagen eitt år etter ulykka, nemleg 3. april.

Det er sett av to dagar til saka i Lister tingrett.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %