NRK Meny
Normal

Tilbake etter sjukdomsmareritt

Landslagsspelar Ingvild Stensland er tilbake på fotballbana etter å ha vore helt utan trening i to månader på grunn av sjukdom.

Ingvild Stensland

SMILET TILBAKE: Ingvild Stensland er tilbake på fotballbana etter å ha vore ute med sjukdom i lang tid.

Foto: Leif Dalen/NRK

I onsdagens semifinale i cupen mot Amazon Grimstad spelte Stensland sin første heile kamp sidan 5. juni.

– Muskulaturen merkar at det er eit sjokk å spele kampar igjen. Eg brukar mykje tid hos fysioterapeut og osteopat, men det høyrer med, seier Stensland til NRK.no

– Det er framleis litt ujamt, men eg får berre jobbe vidare, seier Stensland.

– Eg føler meg i betre form og er friskmeld, men eg er på jakt etter skikkeleg kampform. Det kjem seg kamp for kamp. Eg tykkjer det har gått overraskande bra til no, seier ho.

Fleire virusinfeksjonar

I juni vart Stensland lagt inn på sjukehus med ein virusinfeksjon på nervesystemet.

– Eg fekk eit par virusinfeksjonar på rappen. I og med at eg hadde gått med det ei stund tok det lengre tid å komme tilbake enn venta, seier ho.

– Sjølv om eg var friskmeld hadde eg ein del symptom som gjorde at eg ikkje følte meg pigg nok til å trene skikkeleg igjen, seier lyngdølen.

– Frykta du at karrieren kunne vere over?

– Nei, eg vil ikkje seie at eg var alvorleg sjuk. Men eg var rimeleg nedkøyrt når det stod på som verst, fortel ho.

– Eg var litt redd og uroleg dei to-tre første dagane på sjukehuset når eg ikkje visste kva det var. Etter kvart var det berre å vere tålmodig og vente til eg vart frisk, seier Stensland.

Ingvild Stensland

VIL TILBAKE: Ingvild Stensland satsar vidare på landslaget og håpar å spele seg inn igjen på laget til EM.

Foto: Grøtt, Vegard / Scanpix

Håpar på cupgull

I semifinalen mot Amazon Grimstad styrte Stensland midtbana saman med rutinerte Katrine Pedersen.

Duoen har over 300 landskampar for Norge og Danmark til saman. Med 3–0 sigeren er tittelforsvararen Stabæk klar for sin andre strake cupfinale.

– Det var herleg. Det er berre min andre cupfinale i Norge. Førre gang var i 2003 og då tapte vi mot 1. divisjonslaget Medkila. Så eg har eigentleg berre sure minner frå cupfinalen. Eg håpar det går betre denne gangen, smiler Stensland.

Torsdag spelar Røa mot Arna-Bjørnar i den andre semifinalen.

– Det er eigentleg det same kven det blir. Men det har vore mykje Røa dei siste åra, så det hadde vore moro med Arna-Bjørnar. Eg skal sjå kampen i Oslo, så det blir spennande, seier ho.

Vil tilbake på landslaget

I tillegg til cupfinale har Stensland ei spennande serieavslutning å sjå fram til. Stabæk kjempar mot LSK og Arna-Bjørnar om seriegullet. I tillegg skal Stabæk ut i viktige Meisterligakampar og ho håpar å komme tilbake på landslaget i godt gammalt slag.

– Det blir ein strålande haust. Det er slike haustar vi lengtar etter som fotballspelarar. Vi skal ha ei landslagssamling i november. Så får eg sjå om det blir for mykje for meg før jul, men eg vil sate på landslaget neste år, seier sørlendingen.

– Vi har hatt ein ok sesong med landslaget, men vi må utvikle oss vidare. Det var uansett positivt at vi kom oss direkte til EM, så no kan vi jobbe vidare, seier ho.