NRK Meny
Normal

Til sjukehus etter utforkøyring

22 år gammal kvinne sat fastklemd i ein halvtime.

Ulukka skjedde etter ei utforkøyring i Randesund i Kristiansand. Ho sat fast i bilen i omlag ein halvtime.

Ulukka skjedde ved 02.30-tida natt til fredag. Sørlandet sykehus opplyser at kvinna er moderatskada og at ho får behandling.

Politiet har mistanke om promillekøyring og har beslaglagt førarkortet frå ein 31 år gammal mann.