NRK Meny
Normal

Til sjukehus etter skuterulykke

Ein mann er send til sjukehus etter ei snøskuterulykke ved Bjørnevatn i Valle.

Sea King-helikopter landar på Kjevik

Sea King-helikopteret landa på Kjevik ved 15-tida.

Foto: Tipsar

Ifølge Sørlandet sykehus er mannen lettere skadet.

– Ifølgje lensmannen på staden har bruk av hjelm hindra meir alvorlege skader, opplyser operasjonssentralen i Agder-politiet.

Politiet vart varsla om ulykka ved 11.30-tida torsdag føremiddag. Han skal ha køyrt utfor ein skavl på 2-3 meter. Det tok fleire timar før mannen var ute av fjellet.

Politi og ambulansepersonell måtte ta seg inn i fjellet på snøskutarar. Samstundes vart det sendt eit Sea King-helikopter frå Stavanger fordi det var for dårleg vêr for luftambulansen å ta seg inn i området.

Mannen vart etterkvart frakta på slede ut av fjellet. Seinare vart han send til sjukehuset i Kristiansand med helikopter.