Det er klart etter møtet i formannskapet i Kristiansand i føremiddag.
LES OGSÅ: Vil innføre meldeplikt for tiggere
LES OGSÅ: Arendal begrenser tigging
Ordninga skal gjelde for to år. Det var SV som fekk fleirtal for å avgrense ordninga til denne perioden. Sju stemte for midlertig ordning, medan seks ville gjere ordninga permanent.
– Kan få oversikt
MELDEPLIKT: Ordførar i Kristiansand, Per Sigurd Sørensen, føreslo i fjor å innføre meldeplikt for tiggarar.
Foto: NRK/Svein SundsdalDet var ordførar i Kristiansand, Per Sigurd Sørensen, som føreslo ei ordning med meldeplikt for tiggarar. Ei slik ordning fins allereie i Bergen.
– På denne måten får politiet ei oversikt over omfanget. Vi vil gjere det vi kan for å få oversikt slik at vi kan handtere problemet på ein ryddig måte, sa Per Sigurd Sørensen.
LES OGSÅ: Tiggere selger sex
LES OGSÅ: Skremt over tigger-holdning
– Trist og skremmande
Politikarane i Kristiansand har tidlegare fått kritikk for dårlege haldningar mot tiggarar. Gateprest Øyvind Stabrun har tidlegare sagt at offensiven mot tiggarane gjer skremmande signal.
– Det er utroleg trist og også skremmande eigentleg kva slags menneskesyn vi er i ferd med å få. Det viser at du må vere innanfor ein viss standard eller ei viss ramme for å vere fullverdig menneske, sa Stabrun.
Bystyret i Kristiansand avgjer saka seinare i haust.