Hopp til innhold

Tidenes nest varmaste desember

Desember 2013 skriv seg inn i historia som den nest varmaste julemånaden dei vel 150 åra det har vore målingar på Agder.

Regn på julaften

Ingen snø! Slik såg det ut i Kristiansand sentrum julaftan. Desember var den nest varmaste sidan målingane starta opp for litt over 150 år sidan.

Foto: David Jones / Flickr

Værobservatør Bernt Lie

Vêrstatistikkar Bernt Lie rapporterer om ein særs varm desember på Sørlandet.

Foto: Arkivfoto: Terje Bendiksby / Scanpix

Middeltemperaturen enda på 4,5 grader i Kristiansand. Normalen er minus 0,1 grad.

– Det er berre desember 2006 som har endå høgare månadsmiddeltemperatur enn i 2013, seier vêrstatistikkar Bernt Lie til NRK.

I både 1971, 1951 og 1924 var det mildt i desember, men ikkje like mildt som i år.

Varmaste i desember: 10,6 grader

Lie står bak nettstaden Vær og Vind og fører statistikk. Han fortel at det langs kysten har vore 4 til 4,5 grader varmare enn normalt. På til dømes Hovden har desember i år vore 6,7 grader varmare enn normalt i desember.

– Ein mildvêrsdag til, slik som i dag på nyttårsaftan, så hadde vi slått rekorden på Hovden frå 2006 då desember var heile sju grader varmare enn normalt, seier han.

Det har vore store temperaturskilnader på Agder i desember. Den varmaste målinga vart gjort på Landvik i Grimstad 1. desember då det vart målt 10,6 grader. Den kaldaste målinga som er gjort viste minus 25,4 grader.

Nedbør, nedbør og nedbør

Det er ikkje berre høge temperaturar som har prega vêret på Sørlandet i 2013 sin siste månad. Det har også komme mykje nedbør.

– Nedbøren ligg nær tre gonger av det normale i indre strok i vest-fylket. Den førebelse oversikta eg har viser at Risnes i Fjotland i Kvinesdal fekk mest nedbør med 563,6 mm, seier Lie.

Bakke ved Sira i Flekkefjord følgjer på andreplass med 561 mm, medan det kom 534,5 mm nedbør ved Tonstad-Nettfed i Sirdal.

– Så store nedbørmengde i desember finn vi ikkje for desse tre våtaste stadene verken i 2006 eller i 1936, då det også var mykje nedbør, seier han.

Markens gate i Kristiansand

Det var lite julestemning å få i handlegata Markens i Kristiansand sentrum tidleg i desember.

Foto: Thomas Sommerset

Våtast i vest

I Kristiansand har nedbøren vore langt mindre enn på dei nemnde stadene. Likevel skiljer nedbørmengdene seg frå normalen.

– Det har komme 288,9 mm, noko som er 249 prosent av det normale. Vi må tilbake til Kjevik sin desemberrekord på 353 mm frå 1959 for å finne meir nedbør i desember enn i år, fortel Lie.

Det våtaste døgnet på Sørlandet i desember 2013 er registrert på Kvineshei-Sørhelle i Kvindesdal julaftan då det kom 97,1 mm nedbør.

Varmare i 2012 og 2011

Trass i høge desembertemperaturar var årsmiddeltemperaturen høgare på til dømes Kjevik både i fjor og året før. I år enda årsmiddeltemperaturen på 6,9 grader mot 7,2 grader i 2012 og 7,9 grader i 2011.

Årsnedbøren på Kjevik enda på 1320 mm. Det er 21 mm over normalen.

– Nedbøren i desember på Kjevik utgjorde aleine mellom femteparten og fjerdeparten av heile årssummen. Det seier litt om kor fuktig desember verkeleg var, seier Bernt Lie.

Temperaturstatistikk Agder 2013

Høgste temperatur

33,4 grader på Byglandsfjord 21. juli
(høgast i landet sidan 2009)

Lågaste temperatur

- 30,4 grader på Hovden 11. mars

null
Spiller nå
Mistenkt for tyveri 01:28
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,53 kr
Dyrest kl. 22 1,11 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %