NRK Meny
Normal

Ti strake kampar utan siger: – Beinhard kamp for å overleve

Etter laurdagens 0-1 tap borte mot Avaldsnes står Amazon Grimstad med ti strake kampar utan siger. No står klubben med begge beina i nedrykkssumpa.

Amazon Grimstad - Klepp

Amazon Grimstad spelte laurdag sin tiande strake kamp utan å vinne. (Arkivfoto)

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Eg var forbanna etter kampen, for vi er så nær. Søren altså. Jentene følgde kampplanen omtrent til punkt og prikke, seier trenar Margunn Haugenes til NRK.

I oppgjeret mot hardtsatsande Avaldsnes heldt sørlendingane nullen heilt til åtte minutt før full tid, då Cecilie Pedersen sikra sigeren for heimelaget.

Utan kapteinen

– Vi spelte oss til fleire sjansar etter scoringa deira og vi var så nær. Vi leverte ein sterk kamp og må ta med oss det positive, seier Haugenes.

Laget måtte klare seg utan kaptein Marit Fiane Christensen som gifta seg med tidlegare skøyteløpar Øystein Grødum laurdag.

– Eg tykkjer vi gjer ein sterk prestasjon, men dessverre heldt det ikkje til poeng, seier ho.

Vi må heilt tilbake til 9. mai for å finne sist gang Amazon Grimstad gjekk av bana med siger. Då slo sørlendingane Klepp 2-1 på heimebane. Etter det har det blitt sju tap og tre uavgjortkampar i serien.

– Vi er veldig flinke til å fokusere på kampane vi skal spele og ikkje dei vi har spelt. Vi er svoltne og er ekstremt gira på å få poeng i kvar kamp. Vi jobbar knallhardt, seier trenaren.

– Resultat av kutt, kutt og kutt

Laurdagens motstandar har heile 17 utlendingar i stallen. Berre seks av spelarane er norske.

– Det må vere frustrerande å vere norsk spelar når ein slepp til så lite. Vi og Avaldsnes kan ikkje samanliknast. Dei lever av fotball og trenar på dagtid. Difor tykkjer eg prestasjonen i dag er sterk og eg er veldig stolt av jentene, seier Haugenes.

Men trenaren er klar på at det blir ein kamp for å overleve i Toppserien denne sesongen. Laget ligg på kvalifiseringsplass, kun to poeng over nedrykksplass. Opp til sikker plass er det no fire poeng, etter at Klepp spelte uavgjort 0-0 borte mot Medkila laurdag.

– Det blir ein beinhard kamp for å overleve. Det er det ingen tvil om. Det er eit resultat av kutt, kutt og kutt. Vi har eit veldig stramt budsjett og har null ressursar til å forsterke spelarstallen, seier Amazon-trenaren.