Thy Ferries sikra storkontrakt

Thy Ferries har skrive kontakt med Posten Norge.

M/V Clare

KONTRAKT: Thy Ferries har sikra kontrakt med Posten. (Arkivfoto)

Foto: express-shipping.dk

– Dette er stort og strategisk viktig for eit nystarta selskap som Thy Ferries, seier styreformann i selskapet, Rasmus Haugaard i ei pressemelding.

– Då vi starta opp, såg vi oss ut nokre få firma vi ynskte å gjere avtaler med. Bring stod øvst på lista, seier Haugaard.

Thy Ferries starta opp segling mellom Kristiansand og Hanstholm 2. januar i år.

Posten er nøgd med avtala med Thy Ferries.

– Ved å inngå avtale har vi fått konkurranse i marknaden, som gjer at vi får lågare kostnader. I tillegg vil avgangstidene til selskapet bety kortare leveringstid for ein del av vår transport, seier Tor-Inge Larsen Bauer i Posten Norge AS.