Hopp til innhold

Thorkildsen om statue av seg sjølv: – Kleint

For ni år sidan vedtok Kristiansand kommune å setje opp ein statue av spydkastar Andreas Thorkildsen. Sørlendingen er glad statuen aldri har komme opp.

Thorkildsen-statue

Se hva Andreas Thorkildsen tenker om en statue av seg selv i Kristiansand.

– Det ville eg ha følt meg veldig kleint over. Eg er ikkje noko glad i slike ting eigentleg, seier Thorkildsen til NRK.

I november 2007 sa kulturstyret i Kristiansand kommune ja til å setje opp ein statue av spydkastaren i sentrum.

Skulpturen «86,5 meter» skulle vere ei markering av Thorkildsen sitt OL-gull frå Athen i 2004.

Skisse av skulpturen 86,5 meter

Per Fronth si skisse til skulpturen «86,5 meter».

Foto: Illustrasjon: Per Fronth

– Ta det når eg døyr

Nesten 900.000 nordmenn så Andreas Thorkildsen ta OL-gull i Athen i 2004.

Her jublar Andreas Thorkildsen OL-gullet i Athen i 2004.

Foto: THOMAS KIENZLE / AP
Per Fronth

Per Fronth skulle lage statuen av Andreas Thorkildsen.

Foto: Nina Kristiin Vraa

Det var tidlegare ordførar Jan Oddvar Skisland og kunstnar Per Fronth som kom med ideen, som skulle vere ei gåve til kommunen frå private investorar.

Men statuen har det aldri blitt noko av.

– Gjennom kommunikasjon med Andreas ynskja han ikkje slik merksemd før eventuelt spydkarrieren fann sin naturlege siste dag, seier Fronth til NRK.

Men Thorkildsen ser ikkje ut til å ha endra meining no når han har lagt spydet på hylla.

– Eg får ta det når eg døyr. Då har eg ingen innvendingar, ler han.

Kunstnaren hadde det klart føre seg korleis ein statue at Thorkildsen ville sjå ut.

– Det har heile tida frå mi side vore snakk om ein skulptur, som held seg til sjølve det magiske spydkastet til ein ung mann i OL i Athen, seier Fronth.

Ingen statue med det første

– All den inspirerande kraft som vart forløyst i augneblinken handa hans opna seg, og spydet landa med all sin energi, løfta seg mot himmelen føre millionar av tilskodarar, og openberte det umoglege var mogleg. Det er kva eg personleg har lete meg inspirere av, seier Fronth.

Førebels har kunstnaren lagt vekk ideen om ein statue av EM-, VM-, og OL-vinnaren. I dag ville statuen har sett anleis ut.

– Skissene mine har vore tid gjennomgått forandring. I dag ville fokus ha vore ein skulptur i bronse. Eit 3,5 meter høgt spyd som penertrerer bakken og bevisstheia. Utgangspunktet for den bærande ideen den same: menneskets visjon og vilje, seier Fronth.

Se noen av Andreas Thorkildsens høydepunkter fra spyd-karrieren.

Se noen av Andreas Thorkildsens høydepunkter fra spyd-karrieren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %