Tenker ikkje på landslaget

Ragnhild Valle Dahl nærmar seg landslagstroppen, meiner både ekspertar og Vipers-trenaren. Sjølv seier ho at ho ikkje brukar mykje energi på det. – Eg tenker ikkje så mykje på det. Det er fullt køyr med Vipers. Frå trening til trening og kamp rett rundt hjørnet. Eg har fokus på klubb og det eg kan gjere noko med, seier Valle Dahl.