Hopp til innhold

Temperaturfall på 14 grader

Måndag var det varmt i sør. Tysdag kan det bli vesentleg kaldare.

Været Kristiansand

Fredag kveld kunne ein gå ute i Kristiansand i sommarklede, men dei neste dagane blir temperaturane nok for kjølige til det.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

I Kristiansand vil temperaturen komme ned mot 8 grader på torsdag, viser vêrvarselet frå Yr.no. I dag skal det vere 22 grader på det varmaste.

I Oslo vil temperaturen bikke 26 grader, men på torsdag vil temperaturen komme ned mot 10 grader.

Dermed ser det ut til at det ikkje blitt den starten på sommaren som mange sikkert hadde håpa på.

Les også Klimaendringene skaper allerede mer styrtregn

Styrtregn, oslo, 27. mai 2024

– Lettare å sove

Lågtrykket som kjem innover Sør-Noreg dreg med seg kaldare luftmassar over Grønland og Island rett inn mot Vestlandet.

– Temperaturane vi får er vel innanfor dei normale intervalla, men det kjennest nok litt kaldare når vi har hatt så fint vêr i det siste, seier statsmeteorolog Sigrid Auganæs.

Sør-Noreg vil og få regn i løpet av veka, men truleg ikkje alle stader.

– Viss ein skal sjå litt positivt på det, så blir det kanskje lettare å sove, seier statsmeteorologen.

Paraplyer i regn på Karl Johans gate i Oslo

Det skal regne over hele Sør-Noreg neste veke, difor bør du nyte finvêret no, seier statsmeteorologen.

Foto: NTB

Vestlandet: – Skal regne i eitt sett

Vestlandet skal vere typisk Vestlandet den neste veka, fortel statsmeteorologen.

Det skal stort sett regne i eitt sett.

Også i Midt-Noreg ser det vått ut den neste veka.

– Litt fint dei neste to dagane, men frå onsdag av, så skal det regne ein del, fortel Auganæs.

Temperaturane vil bli såpass låge over fjellovergangane at det kan snø.

Blant anna ser det ut til at det blir kvit nedbør over Nord-Europas høgaste fjellovergang, Sognefjellet.

– Det er noko å tenke på viss ein har tenkt seg over fjellet i Sør-Noreg på sommardekk, seier Auganæs.

Les også Følger nøye med på UV-indeksen for å få mest mulig farge

Emma Isdahl og Madelen Lykkebø nyter sola i hagen til Universitetet i Stavanger. Begge sitter med solbriller og myser opp mot sola. I bakgrunnen blomstrer trærne.

Nord-Noreg temperaturvinnar

I den nordlege delen av landet startar veka litt grått og kaldt, men utover veka vil temperaturane auke.

I Tromsø vil gradestokken vise tal opp mot 20 grader onsdag.

– Nord-Noreg ligg på ein måte i bakkant, som gjer at dei får litt varmare luftmassar enn det Sør-Noreg får, forklarer statsmeteorologen.

Les også Årets vinter skiller seg ut fra klimatrenden: – Norge fremstår som en blå flekk

Skiløper i Markens gate i januar 2024. Snø og vinter i Kristiansand.

Sjølv om det er vanskeleg å vite heilt sikkert korleis vêret blir neste veke, har meteorologen ein god beskjed.

– I løpet av neste veke ser det ut som det går opp igjen til litt meir behagelege sommartemperaturar.

Snø i fjellet

Det er venta snø i fjellet i Sør-Noreg frå onsdag.

– Det kan bli vanskelege køyreforhold nokon stader, så bruk riktige dekk, oppmodar meteorologane på X.

Tilpass farta og køyr etter forholda, skriv dei vidare.

Les også Vêr-rekordar med bismak: Denne blomen blomstrar til vanleg til sankthansaftan

Rød jonsokblomst

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Dyrere kjøtt og billigere grønnsaker, Ingvild Thorsvik.

Vil ha egen avgift på kjøtt: – Vi må spise mindre av det

Slangehalsskilpadder i Kristiansand Dyrepark

Fekk skilpadder som stammar frå dinosaurane si tid

Eiendom med fire hytter i Søgne.

Kystperle til 14 millioner glapp for turistforeningen

Fulle søppeldunkar i Grimstad

Klarer ikkje ta unna søppelet: – Folk må gidde å gå litt

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,89 kr
Dyrest kl. 09 1,01 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %