Hopp til innhold

Nedringt av folk som hevda dei såg ulv på E18

Politiet fekk i løpet av natta ei rekkje telefonar om ulv langs E18 ved Nedenes i Arendal. Men ulveobservasjonane kan ha vore ein hund.

Hund skapte telefonstorm hos politiet

TELEFONSTORM: Ein lesar tok dette bilete av dyret langs E18 natt til onsdag.

Foto: Sjåarbilete

– Vi vart bombardert med telefonar frå folk som hevda å ha sett ulv på E18. Vi var tre på jobb som måtte ta oss av desse telefonane, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Ingrid Mæhre til Agderposten.

Var skråsikker

Det var ved 23-tida tysdag kveld at dei første telefonane om ulv kom inn til politiet. Også ein lokal jeger ringde politiet for å fortelje om ulveobservasjon.

– Han var skråsikker på at han såg ulv, seier Mæhre til avisa.

Politiet sende ut ei patrulje etter telefonstormen for å sjå om dei fann noko ulv. Men det gjorde dei ikkje. Også ein mann frå redningsbilen Viking var ute og prøvde å lokke til seg dyret med kjøttkaker. Han var overbevist om at dette ikkje var nokon ulv.

Omtrent to timar seinare kom svaret – frå ein hundeeigar.

Usikker

– Han opplyste at han sakna ein av hundane sine. Han kunne opplyse at det likna på ein ulv, seier Mæhre.

På Facebook-sida til Jakt og Friluft AS skapar observasjonane debatt. Leiar av viltnemnda. Øyvind Froland, er sitert på følgjande:

– Eg har sett bilete og eg er usikker på om dette er ein ulv, eller ein husky. To huskyar har vore lause i området i natt og den eine er hanka inn av Viking, seier Froland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %