Teken med 45 800 sigarettar

Ein 41 år gammal mann frå Kristiansand må møte i retten tiltalt for innført nesten 50 000 sigarettar ulovleg til Norge.

Politiet slo til mot mannen i mars i år. Politiet fann storparten av sigarettane i bilen til mannen.

I tillegg vart nokon av sigarettane funne under ein sofa og i eit kjøkkenskap i huset hans.

I tiltalen går det fram at mannen har selt sigarettar til fleire personar. Mannen har ikkje betalt avgifter på over 137 000 kroner for det ulovlege sigarettsalet.