NRK Meny
Normal

Teken for promillekøyring to gonger på tre timar

Her er politiloggen natt til laurdag.

Kristiansand: Ein 21 år gammal mann vart i går kveld teken for promillekøyring to gonger på tre timar. Mannen hadde heller ikkje førarkort. 21-åringen vart sett i arresten etter å ha blitt teken for andre gong.

Kristiansand: Politiet fekk fleire meldingar om fyrverkeriskyting. Men mann vart meld for å ha forstyrra ro og orden.

Gjerstad: Ifølgje politiet førte ein brann til store øydeleggingar i eit uthus i Gjerstad. Ingen personar var i bygget då det byrja å brenne. Brannvesenet vart varsla om brannen rundt klokka fem laurdag morgon. Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.

Grimstad: Ein mann (21) vart meld for urinering på offentleg stad.

Vennesla: Hunden som beit fem personar på Hægeland i Vennesla fredag kveld er avliva, skriv Fædrelandsvennen. Ingen av dei fem personane vart alvorleg skada. Eigaren samtykka i går kveld til avliving av hunden.

Laster Twitter-innhold