NRK Meny
Normal

Tek opp kampen mot MC-klubbar

Kvinesdal kommune signaliserer at dei vil bruke «alle lovlege middel» på å bekjempe etableringar av kriminelle MC-klubbar.

Video MC-klubber etablerer seg

KAMP: Kvinesdal kommune, tek som ein av dei første kommunane på Sørlandet, aktivt opp kampen mot kriminelle MC-klubbar. (Arkivfoto)

Foto: Nyhetsspiller

Ordføraren i kommunen, Odd Omland, har no bede rådmannen fremje sak til politisk behandling kring kriminell MC-klubbar.

Ordføraren vil ha både næringsliv og lokalsamfunnet på bana for å stoppe klubbane.

Klare signal frå kommunen

– Kvinesdal kommune ynskjer å førebyggje denne form for kriminalitet sett i lys av den tiltakande oppblomstring desse miljøa har fått i våre nærområde, skriv Omland i ei pressemelding.

– Politiet har også komme med oppfordringar til kommunane om å ta dette på alvor, og vi har hatt møter med politiet. Med nemnde vedtak meiner eg kommunen gir klare signal om at slike miljø er uønskt i Kvinesdal kommune, skriv han.

Rådmannen i kommunen viser blant anna til at det fins kriminelle MC-miljø i kommunar nær Kvinesdal.

Tysdag denne veka skreiv NRK.no om motorsykkelklubben Twin Eagles i Farsund. Politiet reagerte sterkt på at politikarar i kommunen vil ha eit møte med den lokale MC-klubben, som er knytt til Hells Angels.

KS: – Politiet må ha hjelp

Også KS har oppfordra norske kommunar til å bekjempe kriminell MC-klubbar.

– Det faktum at gruppene veks trass i betydeleg innsats frå politiet, tyder på at politiet ikkje kan førebyggje og bekjempe slike miljø aleine, heiter det i eit styrevedtak frå KS.

Dei rår til dømes kommunane til å bruke plan- og bygningslova til å hindre at klubban byggjer festningar med høge gjerder.

16-17 norske kommunar har i dag kriminelle MC-klubbar. Det har tidlegare komme fram at totalt 28 MC-klubbar har sagt ja til å bli offisielle støtte-klubbar for Hells Angels i Norge.

Rådmannen i Kvinesdal er særs oppteken av å drive førebyggjing inn mot barn og unge for å hindre rekruttering inn mot MC-klubbane.