Hopp til innhold

Tatt for promillekøyring til sjøs: – Urovekkjande

I Agder er 49 båtførarar tekne for å køyre i ruspåverka tilstand i løpet av sommaren. Ein båtførar hadde over to i promille, og risikerer fengselsstraff.

Magnus von Porat Fiane, leder båttjenesten i Agder politidistrikt

Koordinator for sjøtenesta, Magnus von Porat Fiane.

Foto: Politiet / Privat

– Vi har dessverre meldt 49 båtførarar til politiet for å køyre i ruspåverka tilstand. Det er ikkje bra, seier koordinator for sjøtenesta i Agder politidistrikt Magnus von Porat Fiane.

Talet har gått ned noko sidan 2022 og 2021, noko von Porat Fiane seier kan skyldast at det har vore færre båtar ute på grunn av tidvis dårleg ver.

– Men dessverre så fortset folk å køyre i påverka tilstand. Det er urovekkjande, seier han.

Les også Båteiere borer fortøyningshull i nasjonalpark

Dette er et av hullene som båteiere har laget i nasjonalparken.

Risikerer fengsel

Tidlegare i sommar blei ein båtførar tatt med over to i promille. Promillegrensa for båtar under 15 meter, er 0,8 prosent, og vedkommande risikerer fengselsstraff.

Førelegga for promillekøyring til sjøs varierer frå 6.000 kroner til 10.000 kroner.

Dei tre politibåtane som patruljerer mellom Risør i aust og Flekkefjord i vest har kontrollert rundt 1.800 båtar i sommar. Det er litt færre enn tidlegare år.

Politibåt Agder

Sjøtenesta har kontrollert rundt 1.800 båtar i sommar, det er litt færre enn tidlegare år.

Foto: Politiet

– Dei fleste er flinke

Sjøtenesta har skrive ut 63 forenkla førelegg for fart, 49 førelegg for manglande flyteplagg og 49 førelegg for manglande lanterner.

– Det er dessverre ganske mange som vel å køyre utan lanterne i mørket, eller at lanternene har manglar. Der har vi sett ein trend i år, seier von Porat Fiane.

Dei aller fleste båtførarane får likevel skryt av politimannen.

– Dei fleste har flyteplagg på og ting på stell, men nokon veljar verken å ha på flyteplagg eller flyteplagg med seg i båt. Det kan jo bli farleg, seier han.

Politibåt

Dei tre politibåtane som patruljerer mellom Risør i aust og Flekkefjord i vest har kontrollert rundt 1.800 båtar i sommar, det er litt færre enn tidlegare år.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Fleire ulykker

I løpet av sommaren har det dessverre vore fleire alvorlege ulykker på sjøen, inkludert ei dødsulykke.

– Politiets førebyggjande arbeid og nærvær på sjøen er nødvendig. Dessverre kan vi ikkje gardere oss mot at ulykker skjer og vi har hatt nokon hendingar denne sommaren som vi gjerne skulle vore forutan, seier von Porat Fiane.

Les også Kronekurs og krig gir cruiserekord: – Vi ser jo turister med polposer

Cruiserekord

Siste nytt fra NRK Sørlandet

NRK Sørlandet
Spiller nå
Her stjeler beveren ved 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,57 kr
Dyrest kl. 00 1,97 kr

Strømkostnader nå

Med strømstøtte

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Okt 2022 – okt 2023
    + 8,5 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %