Hopp til innhold

Taraldsen mot Stokkelien

Vipers Kristiansand møter Start til handballkamp.

Lindy Taraldsen og Mads Stokkelien

Vipers-profilen Lindy Taraldsen og stjerneskotet Mads Stokkelien møtest til duell i Karusshallen.

Foto: Tor Erik Schrøder / SCANPIX

Kven er best av Vipers Kristiansand og Start - i handball? Det får vi svar på førstkommande torsdag då dei gule og svarte møter eliteserielaget i handball i Karusshallen.

Innsamling

– Dette er ein del av eit samarbeid som vi har med Telenor og Røde Kors. Inngangsbilletten blir kun ein brukt mobiltelefon, som samlast inn og resirkulerast. Nokre av komponenta kan brukast vidare, og pengene for dette skal gå til planting av tre i Afrika, seier Christer Paulsen, Key Account Manager i Start si marknadsavdeling til kristiansandavis.no.

Dermed må Start-spelarane byte ut skruknottar med handballklister. Kor gode Start faktisk er i handball, er Vipers-trenar Peder Langfeldt usikker på.

– Damehandball og klister

– Det er heilt ope. Eg er veldig usikker på korleis Start-spelarane reagerer når dei får damehandball og klister mellom hendene, seier Langfeldt.

Både Paulsen og Langfeldt har store forhåpningar når det gjeld publikum til kampen.

– Vi håpar på full hall. Kjem det 800 menneske, hadde det vore strålande for støtterprosjektet, og samstundes god reklame for Vipers rett før seriestarten og for oss inn mot Viking-kampen, seier Paulsen.

Dobbelt så god?

Både Vipers og Start stiller med fullt mannskap, bortsett frå spelarar som er opptekne med landslagssamling.

Det blir mange spennande duellar å sjå fram til. Klarar Bård Borgersen å stoppe Birgit van Os? Klarar Lindy Taraldsen å overliste Kenneth Høie i Start-buret? Er Stokkelien like målfarleg på parketten, som på nyslått gras? Men det er spesielt ein duell Langfeldt er oppteken av på førehand, nemleg søskenduellen.

– Jesper Mathisen er visstnok overbevist om at han er dobbelt så god i handball som søstra (Ingrid Mathisen). Det tvilar eg på, men han kan jo håpe, smiler Langfeldt.

Kampen startar klokka 19.00.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %