NRK Meny
Normal

Tapte siste serierunde

Amazon Grimstad avslutta sesongen med 1–3 tap borte mot Kattem i kvinnenes Toppserie i fotball.

Video Sandviken - Amazon Grimstad

TAP: Amazon Grimstad tapte siste kamp for sesongen mot Kattem.

Foto: Nyhetsspiller

Grimstad-klubben låg under allereie etter ti minutt då Rikke Storrø sendte vertane i leiinga. Trine Lise Åvik sørga balanse i rekneskapen for Amazon kvarteret seinare.

Men berre tre minutt seinare var Kattem på farten igjen. Storrø sendte heimelaget opp i 2–1. Berre minuttet seinare gjekk Kattem opp i 3–1 ved Guro Reiten, som også vart sluttresultatet.

Grimstad-klubben enda med det på 10. plass i årets Toppserie. Dermed blir klubben å finne i landets øvste divisjon også neste sesong.