– Ja, dessverre vart det det. Vi gjekk cirka 50 000 kroner i minus i billett- og kioskinntekter på dei to heimekampane, seier dagleg leiar Kurt Eckholdt til Agderposten.
- LES OGSÅ: ØIF klar for kvartfinale i e-cupen
- SJÅ OGSÅ: Alt om ØIF Arendal
Kun 813 menneske løyste billett til dei to kampane mot slovenske RD Slovan denne helga.
Skuffa over oppmøtet
– Skuffande. Intet mindre, seier Eckholdt.
Han hadde håpa på minst 1200 tilskodarar til kampane mot slovenarane i Nedeneshallen.
– Det er klart at kombinasjonen vinterferie-start, ski-VM og eit forferdeleg vêr ikkje akkurat lokkar folk ut av stovene, seier han.
- LES OGSÅ: Underskudd etter sponsorsvikt
No håpar klubben på ein attraktiv motstandar i kvartfinalen i håp om at det vil fylle hallen med supportarar.
Kvartfinaletrekning
– Heilt klart. Men er det to motstandarar vi ikkje ynskjer, så er det RK Cimos Koper frå Slovenia og Stiinta Municipal Dedeman Bacau frå Romania. Elles er dei øvrige laga velkomne til Arendal, seier han.
- LES OGSÅ: Desse kan ØIF møte i kvartfinalen
Trekninga av kvartfinalen skjer tysdag føremiddag i Wien.