NRK Meny
Normal

Tap for Goodson i VM-test

Start-stoppar Clarence Goodson spelte 90 minutt for USA i treningskampen mot Tsjekkia i går.

Clarence Goodson i USA-drakta.

TIL VM? Clarence Goodson spelte 90 minutt i går. Vert han teken ut på det amerikanske landslaget, som skal til VM? Uttaket vert gjort seinare i dag.

Foto: OTTO GREULE JR / AFP

Amerikanarane tapte oppgjeret 2-4 føre over 36 000 tilskdodarar.

Start-spelaren Clarence Goodson spelte samtlege minutt i VM-oppkøyringskampen. Start-spelaren var involvert i eitt av baklengsmåla.

Seinare i dag vert VM-troppen til USA offentleggjort. Landslagssjefen skal ha med 23 mann til Sør-Afrika.

– Vi har jobba veldig hardt og gutane veit at vi er komme til eit punkt der vanskelege avgjerder skal gjerast, seier hovudtrenar i USA, Bob Bradley til ussoccer.com.