NRK Meny
Normal

Tankbil med levande fisk velta

Ein tankbil sperrar fylkesveg 416 i Risør etter at den velta.

Tankbil velta i Risør

Ein tankbil med levande fisk velta på fylkesveg 416 i Risør.

Foto: Thorvald Knudsen

Ifølgje politiet skal ikkje føraren vere skada etter ulykka.

– Tankbilen inneheld levande fisk så det er ikkje fare for eksplosjon, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen.

Vegen vil vere stengd til tankbilen er drege opp frå grøfta. Bilberging er på veg til staden.

Tankbilen velta tett ved Auslandsvannet som er drikkevatnet til innbyggjarane i Risør.

På eit tidspunkt frykta brannvesenet forureining i drikkevatnet, men dei skal no ha kontroll på situasjonen.

Like før klokka 20 blei veien opna att.

Laster Twitter-innhold