– Det er først og fremst beundringsverdig at nokon vil bruke pengar på at eg skal få lov til å spele for Start, seier Strømstad til NRK.no.
– Eg må seie takk for denne personen. Sjølv om eg ikkje veit kven eg skal takke er det veldig gledeleg, seier midtbanespelaren.
Måtte ha hjelp
Onsdag vart det kjent at sørlendingen blir i Start ut denne sesongen. Kontrakten med franske Le Mans gjekk ut i sommar, og Strømstad gjekk dermed gratis til serieleiaren i 1. divisjon.
Likevel måtte klubben ha ekstern hjelp for å signere Strømstad.
- LES: Går inn med pengar
– Vi har fått hjelp av ein person som ynskjer å vere annonym. Det er vi veldig glade for og vi vil respektere denne personen sitt ynskje om å vere annonym, sa dagleg leiar i Start, Magne Kristiansen til NRK.no onsdag.
No vil Strømstad jobbe hardt for at Start held seg på tabelltopp også når poenga skal teljast opp i haust.
Vil bli i klubben
– Vi må halde fram med å gjere jobben på trening og i kamp. Vi kan ikkje vere nøgde med å liggje i toppen. Vi må vere svoltne på å vinne fotballkampar. Det er det viktigaste vi kan gjere no, seier Strømstad, som er klar på at han ynskjer å bli i klubben også utover denne sesongen.
– Det er vel først og fremst opp til Start. Eg er veldig innstilt på å bli med vidare. Men først skal opprykket sikrast. Det er det viktigaste, seier han.
No er han glad for å vere heime i Norge igjen etter eit lite vellykka opphald den franske klubben Le Mans.
– Eg har vore her i to månader etter at eg kom heim frå Frankrike. Det i seg sjølv er herleg. Det å vite at eg skal vere her endå lenger er om mogleg endå betre, seier Strømstad.