Hopp til innhold

Toralf Bernt (79) takkar bilbeltet for at han er i live

Toralf Bernt Halvorsen frå Herefoss i Birkenes i Aust-Agder er sikker på at han hadde vore død dersom han ikkje hadde brukt bilbelte. Laurdag ettermiddag låg han på isen ved sidan av bilen og venta på hjelp i to timar etter ei trafikkulykke.

Toralf Bernt Halvorsen

LETTA: Toralf Bernt Halvorsen trur ikkje han hadde overlevd bilulykka dersom han ikkje hadde brukt bilbelte.

Foto: Sander Heggheim/NRK - Line Oftedal Pedersen/NRK

– Det var sikkerheitsbeltet som redda livet mitt. Bruk bilbelte. Dei som ikkje gjer det er uhyggeleg dumme. Bruk belte når du er ute å køyrer og tenk på familien, seier 79-åringen til NRK.no.

Toralf Bernt Halvorsen

HELDIG: Sørlendingen slapp unna store skader i ulykka. - Men det verker i alle ledd, så eg får smertestillande, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det var laurdag ettermiddag at sørlendingen hamna utfor vegen. Han hadde akkurat køyrt oldebarna til flyplassen i Kristiansand då noko plutseleg skjedde på riksveg 41 ved Søre Herefoss.

– Eg veit ikkje kva som skjedde. Plutseleg drog bilen seg mot venstre. Eg trur kanskje eg køyrde på ein isklump, men det er ikkje sikkert det var det. Kanskje eg punkterte. Eg veit ikkje, seier han.

Kasta rundt

Bilen vart kasta over autovernet og rulla rundt fleire gonger før den til slutt landa på taket like ved ei elv. 79-åringen var bevisst heile tida og vart redd då bilen stoppa etter fleire rundkast.

– Eg kjende bensinlukt og vart nærast hysterisk fordi eg var redd det skulle byrje å brenne. Eg klarte å løyse bilbeltet og fekk krabba ut sidevindauget. Eg skar meg fleire stader på glasskåra så eg blødde, seier han.

– Eg kom ut i friluft, men eg ville prøve å komme meg litt vekk frå bilen. Eg kom meg berre ein meter, då klarte eg ikkje meir. Eg var heilt utkøyrt, seier han.

På isen like ved bilen låg Toralf Bernt i nær to timar. Berre nokre få meter ovanfor høyrde han bil etter bil suse forbi.

– Eg tenkte det var rart at ingen bilar såg meg. Dei køyrde forbi i det uendelege. Men så var det heldigvis ein tyskar frå Hamburg og ein danske som hadde sett meg og stoppa, seier han.

Dei to surra 79-åringen inn med teppe for at han skulle få varmen i seg att. Berre nokre få plussgrader gjorde at han var godt nedkjølt då han vart funnen.

– Dei skulle rekke danskebåten, så eg sa til dei at dei måtte komme seg av garde. Det spelar inga rolle svara han. Så det var nokre greie turistar, smiler han.

Trafikkulykke i Birkenes

ULYKKE: Bilen til Toralf Bernt vart kasta rundt fleire gonger før den landa på taket.

Foto: Line Oftedal Pedersen/NRK

Vil snakke med redningsmennene

Redningsmennene varsla politi og ambulanse. Kort tid etter var luftambulansen på plass og han vart frakta til sjukehuset i Arendal.

– Eg bad ambulansefolka om å få namnet på dei, så eg håpar å få snakke med dei. Dei fortener ei stor takk og eg vil gjerne prate med dei og få takka dei, seier han.

På sjukehuset kunne legane konstatere at han ikkje hadde pådrege seg alvorlege skader. Dei største skadane pådrog han seg då han krabba ut gjennom det knuste vindauget.

– Eg har så kraftig beinbygnad, så eg toler ein støyt, flirer han.

Truleg vert han skrive ut frå sjukehuset måndag ettermiddag.

– Eg har blitt teke utruleg godt hand om. Det er utruleg flinke folk her, seier han.

Tenkte på kona

Medan han låg å venta på hjelp var det to tankar som gjekk att heile tida. Bilbelte og kona som han har vore gift med i 59 år.

– Eg tenkte at det hadde vore godt om hadde vore hos meg, seier han.

– Kva var det første du sa til kona då du såg ho igjen?

– Å, det var godt å kjenne lukta av deg. Det er noko eg brukar å seie. Det er så godt å kjenne varmen hennar. Ho er så voldsomt snill, fortel han på gråten.

Trass i at han kom ut trafikkulykka som kunne ha kosta han livet, trur han ikkje at han vil vere redd for å setje seg bak rattet igjen.

– Eg har tenkt på at slikt kan skje mange gonger. Eg har køyrt bil i 60 år og har aldri vore borti noko som helst av biluhell. Det var litt rart at det skulle skje akkurat no. Men det er slikt som kan skje, seier 79-åringen.

Toralf Bernt Halvorsen

PÅ SJUKEHUS: 79-åringen vert truleg utskriven frå sjukehus måndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Bruk bilbelte!

Under intervjuet peikar han fleire gonger på kor viktig det er å bruke bilbelte. No ber han alle bilistar om å bruke bilbelte når ein er ute i trafikken.

– I bilen er det sikkerheitsbilete som er det aller viktigaste. Så må ein sørgje for at bilen er i god stand. Køyr aldri med dårlege bremser. Punktering kan ein aldri garantere seg mot, men det er mykje ein kan gjere for å unngå slikt, seier han.

Måndag vert han mest truleg skriven ut frå sjukehuset. Det første han skal gjere då er klinkande klart.

– Eg skal gi kona mi ein skikkeleg god klem. Så må eg takke alle barna som har vore så merksame. Dei ringjer og spør. Det er voldsomt fint, seier han.

Politiet har varsla at dei vil snakke med 79-åringen. Det vil og bli gjort tekniske undersøkingar av bilen etter ulykka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %