NRK Meny
Normal

Tagga ned skule med nazisymbol: – Det er berre trist

Rektoren ved Risør ungdomsskole fortvilar over at nokon i løpet av helga har tagga vindauge, dører og vegger med nazisymbol.

Tagging på Risør ungdomsskole

Dette møter elevane ved Risør ungdomsskole måndag morgon.

Foto: Stig Sandmo / Aust-Agder Blad

– Det er ikkje noko hyggeleg syn. Men det er tydelegvis nokon som har hatt det moro med å grise ned skulen på denne måten, seier rektor Anne Drage til NRK.

Søndag føremiddag vart tagginga oppdaga av ein lærar som var innom skulen.

Hakekors er blant symbola som er tagga fleire stader på skulen.

Ingen mistenkte

– Eg tykkjer det er utruleg leitt for elevane som kjem på skulen i morgon at det skal sjå slik ut. Det er berre trist, seier ho.

Måndag skal elevane få informasjon om kva som har skjedd i løpet av helga.

Då får dei også vite at saka er meld til politiet, og at politiet var på skulen for å sikre spor søndag ettermiddag.

– Vi vil gjerne ha tips som kan hjelpe oss i etterforskinga. Vi har ingen konkrete mistenkte. Det er litt for tidleg å seie om dette er eit eingongstilfelle eller om det er nokon som er organisert rundt og spreier dette bodskapet, seier politioverbetjent Jon Anders Ausland til Aust-Agder Blad som først skreiv om saka.

Hakekors Risør ungdomsskole

Skulen har meldt hærverket til politiet. Førebels er ingen mistenkt.

Foto: Stig Sandmo / Aust-Agder Blad

– Nedslåande

Skulen har heller ingen mistenkte.

– Det er ikkje slikt elevane våre representerer eller står inne for. Vi har hatt lite hærverk på skulen vår, og har ikkje hatt hærverk i det heile i haust av våre elevar, så vidt vi veit. Eg tykkjer dette er nedslåande, seier Drage.

Først måndag startar arbeidet med å fjerne nazisymbola frå vegger, vindauge og dører på skulen.

– Vi må prøve å få vekk så mykje som mogleg. Ein del er spraya på murvegg og det er ikkje så lett å få vekk. Men vi må gjere det vi kan, seier rektoren.

Nazisymbol Risør ungdomsskole

Dører og vindauge er tagga med hakekors.

Foto: Stig Sandmo / Aust-Agder Blad