– Det er gøy å gå inn og titte på bustadannonsar. Men det er også litt demotiverande. Det følast veldig langt unna.
Sjukepleiarstudent Siril Berg sit på kjøkkenet i hybelen sin eit stykke utanfor Kristiansand sentrum.
No leiger ho hybelen, men i framtida ynskjer ho å eiga sin eigen bustad. Draumen hadde vore å budd i Oslo.
Men heilt ferske tal frå sjukepleiarindeksen viser at ho som ferdig utdanna sjukepleiar berre kan kjøpa 2,4 prosent av bustadane der.
– Eg hadde eigentleg lyst å ta ein master i Oslo, men det er ikkje realistisk når ein tenkjer på bustadmarknaden, seier ho.
Vanskeleg utan partnar
I dag vart sjukepleiarindeksen for 2024 offentleggjort. Den viser kor stor del av omsette bustadar i Noreg ein singel sjukepleiar får finansiering til å kjøpa.
Den viser inga betring i bustadmarknaden for sjukepleiarane.
I dag kan dei kjøpa 31,4 prosent av dei tilgjengelege bustadane i Noreg.
Då Eiendom AS la fram rapporten for fjoråret var talet 31,6 prosent.
– Det er demotiverande å studera noko der ein veit det blir vanskeleg å kjøpa ein bustad utan ein partnar. Ein kan ikkje forvente at alle har partnar, seier Berg.
Sjukepleiarar blir brukt i indeksen fordi dei har ei inntekt som er relativt vanleg i Noreg.
Stor forskjell mellom byane
Analyse- og modellsjef Anders Francke i Eiendomsverdi AS seier fjoråret gav ei ørlita betring for sjukepleiarane.
– Så langt i 2024 har den forbetringa heldt stand i Noreg og dei fleste byane.
Francke fortel at indeksen viser store forskjellar mellom byane i Noreg.
– I Oslo er utviklinga flat. I Tromsø og Bodø har det vore ei god betring i talet på bustadar sjukepleiarar kan kjøpa, fordi prisutviklinga har vore meir moderat der i år, seier han.
Ein singel sjukepleiar kan kjøpa ein av tre bustadar som er tilgjengeleg i Bergen og Trondheim. I Oslo og omland står ein igjen med ein av femti.
Må bli i Kristiansand
Siril Berg trur at draumen om Oslo er så urealistisk, at ho må bli i Kristiansand.
Der er det heldigvis enklare å få tak i ein heim. Som ferdig sjukepleiar kan Berg kjøpa 47,6 prosent av bustadane.
Ho meiner det er kjipt at sjukepleiarar ikkje får betre løn, slik at ein kan enklare kome seg inn på bustadmarknaden.
– Det er urettferdig mot sjukepleiarar. Det er så mykje snakk om den viktige kompetansen me har, og at dei vil ha fleire av oss, men så er det så vanskeleg å få seg bustad. Det er lite attraktivt, seier ho.