NRK Meny
Normal

Susan (68) byggjer el-syklar med delar frå fyllinga

68 år gamle Susan Nordskog i Grimstad byggjer sine eigne el-syklar. Ho meiner det er så enkelt at fleire bør prøve.

Susan Nordskog har selv bygget tre elektriske sykler. Delene finner hun hvor som helst.

Sjå reportasje om Susan Nordskog som byggjer sine eigne el-syklar.

– Ein treng ingen kvalifikasjonar for å lage ein el-sykkel, ein kan lese om det eller sjå videoar på Youtube. Uansett om du skal setje opp ei bremse eller kva som helst, så finn du det på Youtube.

68 år gamle norsk-amerikanske Susan Nordskog er over gjennomsnittet interessert i mekking og mekanikk.

Ho har jobba som styrmann i ei årrekkje og bygde sin første el-sykkel for tre år sidan. Det var ein trehjulssykkel.

– Vi brukte den på skipet for å kome fram og tilbake til byen. Dei andre på mannskapet brukte den også, men dei var litt flaue over å bruke ein trehjulssykkel, ler ho.

Brukar delar frå fyllinga

Sidan er det blitt to heimelaga el-syklar til, og ho er no godt i gang med ein fjerde.

– Eg likar det mekaniske, og eg likar å arbeide med ting. I ein kjøpt sykkel er det vanskelegare å kome fram til elektronikken for å fikse ting.

Tidlegare har Nordskog bygd ein el-sykkel av ei ramme ho kjøpte på fyllinga i Arendal. Sykkelen ho no byggjer om heime i garasjen i Grimstad har ho kjøpt frå USA.

Men kanskje endå gøyare enn å byggje el-syklane er det å ta dei i bruk.

– Viss eg ikkje får ein tur per dag blir eg frustrert!

Susan Nordskog

68 år gamle Susan Nordskog frå Grimstad byggjer sine eigne el-syklar.

Foto: Leif Dalen / NRK

Filmar turane og legg det på Youtube

Med reservebatteri har den eine sykkelen ei rekkevidd på tolv mil.

– Eg kan dra til plassar eg aldri kunne gått til elles. Så filmar eg det, og har det for resten av livet, og kan dele det med andre.

Det var Grimstad Adressetidende som først skreiv om Nordskog som filmar turane sine og legg det ut på Youtube med kart.

– Eg vil dele det, det er det som er spanande. Då får andre sjå dei same turane.

Sjå reportasje øvst i saka.