Hopp til innhold

Sup-padlar frå Narvik til Göteborg: – Vil fokusere på bipolar liding

Svenske Jonas Böhlmark har padla norskekysten frå Narvik til Kristiansand på sup-brett. No skal han vidare til Göteborg.

Jonas på SUP fra Narvik til Gøteborg for bipolarlidelse.

Jonas Böhlmark padlar langs norskekysten på sup-brett.

Foto: VETLE HJORTLAND / NRK

– Framfor alt synest eg dette er veldig kult, men eg ønskjer også å rette merksemda mot min eigen sjukdom.

Det sa Jonas til NRK då han kom til Kristiansand.

Han har sjølv bipolar liding, og ønskjer å bruke reisa til å spreie kunnskap.

– Hjartesaka mi er først og frest at ein skal redusere stigmatisering. Ein skal ikkje skjemmast over sjukdommen.

Han fortel at det kan vere vanskeleg å vere open, og at mange har fordommar.

Det stoppar likevel ikkje Jonas frå å dele historia si.

– Eg er veldig open. Det å redusere fordommane driv meg, seier han.

Jonas på SUP fra Narvik til Gøteborg for bipolarlidelse.

Jonas har sjølv bipolar liding, og ønskjer å spreie kunnskap.

Foto: VETLE HJORTLAND / NRK

Les også NAKED KOALA-feber i Papua Ny-Guinea: Nå reiser sørlandsbandet på besøk

Bilde tilsendt av NAKED KOALA i forbindelse med sak, Fotograf Håkon Følvik

– Openheit har stor verdi

Ifølgje Bipolarforeningen lever 160 000 nordmenn med bipolar liding.

Dagleg leiar i foreininga, Nina Antonov, trur openheit kan ha ein mykje å seie.

– Skal vi dra det heilt til ytste konsekvens så kan det å redusere stigmatisering vere livreddande.

Ho trur mykje av stigmaet rundt bipolar liding kjem av mangel på kunnskap, og er imponert over prosjektet til Jonas.

– Eg tenkjer at det har stor verdi at Jonas sjølv er open om diagnosen. Det er mange som lever med bipolar liding, men vi opplever likevel at mange kjenner seg åleine.

Kan fungere som normalt

– Ein kan vere velfungerande med bipolar liding ved hjelp av medisin, og faktorar som trening og søvn. Framfor alt dikkar eg ikkje alkohol, seier Jonas.

Jonas på SUP fra Narvik til Gøteborg for bipolarlidelse.

For Jonas er fysisk aktivitet viktig.

Foto: VETLE HJORTLAND / NRK

Ifølgje Antonov artar diagnosen seg veldig ulikt frå person til person. Nokon kan leve heilt normale liv, andre kan ha utfordringar som hindrar dei i dette.

– Med rett behandling lever mange tilsynelatande normale liv med familie og heiltidsjobb og alt det inneber. Nokon opplever større påkjenningar og kan derfor ikkje det, men det betyr ikkje at ein ikkje kan leve gode liv likevel.

Ho trur ei vanleg misforståing er at dei som lever med bipolar liding anten er i mani eller i ein depresjon.

– Slik er det ikkje. Der er veldig mange som lever med lange sjukdomsfrie periodar.

NRK Sørlandet
Spiller nå
På innsiden av Kunstsiloen 01:06
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,99 kr
Dyrest kl. 17 3,91 kr

Strømkostnader nå

Med strømstøtte

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Okt 2022 – okt 2023
    + 8,5 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %