NRK Meny
Normal

Suksess for «Heimover»: – Den beste festivalen vi har hatt

Festivalsjef i «Heimover», Trond Aslaksen, er strålande nøgd med årets festival i Åmli. Det kan ha blitt sett ny publikumsrekord.

Heimover 2014

Den splitter nye tribunen på festivalområdet var full.

Foto: Heimover.no

Trond Aslaksen

Festivalsjef Trond Aslaksen er godt nøgd med årets festival.

Foto: Pål Tegnander / NRK

650 publikummarar var innom festivalen fredag då Kari Bremnes, Mikhael Paskalev og Lars Vaular stod på scena.

Laurdag hadde nær 1000 menneske løyst billett for å få med seg Jan Eggum, Åmlis store son Jonas Alaska og Pow Pow.

– Svevar på ei sky

– Vi har ikkje fintelt endå, men vi er i alle fall på nivå med i fjor, kanskje litt over, seier festivalsjef Trond Aslaksen til NRK.

I fjor besøkte 1500 festivalen i Åmli. Han er ikkje i tvil om at det var høg kvalitet på årets utgåve av «Heimover».

– Det var heilt fantastisk. Det er den beste festivalen vi nokon gang har hatt. Vi trefte veldig godt med artistane. Vi hadde mange ungdommar blant publikum og har fått strålande tilbakemeldingar, seier han.

– Musikken var bra og opplegget fungerte godt. Eg svevar på ei lita sky akkurat no, seier han.

Eitt av høgdepunkta for Aslaksen var då Lars Vaular gjekk på scena.

– Han sat åtte timar i kø då han kom frå Oslo. Så kom han her og leverte eit forrykande show, seier han.

Truleg ny festival neste år

Dette var 3. gang festivalen vart arrangert i Åmli. Mykje tyder på at det blir ei ny runde neste år.

– Vi skal ha årsmøte i august og då skal vi avgjere om vi går på igjen. Det er veldig truleg at vi kjem til å gjere, seier han.

I fjor gjekk festivalen i overskot. Det gjer den truleg også i år.

– Vi har omtrent same inntekter som i fjor. Vi har litt større utgifter, men endar truleg på plussida, seier han.

Jonas Alaska

Jonas Alaska er sjølvskriven på artistlista på festivalen i heimbygda. Her er han under konserten laurdag.

Foto: Heimover.no