Hopp til innhold

Stygg smell for Vipers etter marerittomgang

Vipers Kristiansand vart rundspelt av Larvik i eit fullsett Aquarama. Dei første 23 minutta i andre omgang vart eit mareritt for Vipers.

Gunnar Pettersen, Vipers Kristiansand

Vipers-trenar Gunnar Pettersen hadde ikkje mykje å vere nøgd med etter tapet for Larvik.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Det er ingen bombe. Dette er David mot Goliat. I dei fleste kampane Larvik spelar er resultatet som her. Slik er det, seier Vipers-trenar Gunnar Pettersen til NRK etter kampslutt.

Larvik leia 18-10 til pause og leika seg til tider mot eit tafatt Vipers-lag i Aquarama.

I andre omgang scora Vipers Kristiansand berre fire mål på dei 23 første minutta. Likevel var Pettersen mest nøgd med nettopp andre omgang.

– Det er første omgangen som er spesielt dårleg. I andre omgang er vi mykje meir med forsvarsmessig. Men vi gjer for mange feil som du ikkje kan gjere mot Larvik slik at dei får kontre. Då vi vann i fjor gjorde vi nesten ikkje ein einaste feil, seier han.

Mona Bruskeland og Tine Stange, Vipers - Larvik

Tine Stange scora ni mål for Larvik og vart kampens toppscorar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Målsetninga til Vipers Kristiansand er klar: å bli Norges beste handballag. Det betyr at dei må stoppe sigersvande Larvik-jenter.

Stange laga trøbbel

Men vestfoldingane ser ikkje ut trenge å frykte konkurranse med det første. I tysdagens seriekamp i Aquarama i Kristiansand var sørlendingane sjanselause mot handballgiganten frå Larvik.

– Det er landslagsspelarar på benk og bane frå det beste laget i verda. Det er rått parti. Vi kan ikkje vere sure fordi vi ryk i ein slik kamp, seier Pettersen.

I ein første omgang der Nora Mørk ikkje hadde fullklaff stod Tine Stange fram for serieleiaren. I første omgang kom ho på scoringslista sju gonger.

I andre omgang var det ingen verdens ting som stemte for Vipers. Larvik køyrde over sørlendingane og gjorde akkurat som dei ville og vann til slutt 32-18.

Fullsatt Aquarama

2200 tilskodarar såg oppgjeret mellom Vipers og Larvik i Aquarama.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Tre strake tap

Dermed revansjerte dei tapet for Vipers i sluttspelet i mai i fjor.

Vipers sin store profil Marta Tomac sat på benken gjennom heile kampen mot Vipers.

– Marta har ikkje trena verken måndag eller tysdag på grunn av spenning i muskulaturen, som vi er redd kan utvikle seg til strekk. Det er dumt å ta ein sjanse i ein slik kamp, seier Pettersen.

Laurdag møter Vipers Krim i kvartfinalen i europacupen heime i Aquarama.

Vipers står no med tre strake serietap. Sørlendingane ligg no fire poeng bak Glassverket som held bronseplassen. Det er fem poeng opp til Byåsen på andreplass.

Marta Tomac

Marta Tomac fekk ikkje speletid mot Larvik.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %