Hopp til innhold

Venstre-ordførar får Høgre-stemmer

Fleire tidlegare Høgre-politikarar i Grimstad støttar opp om Venstre-ordførar Hans Antonsen før valet. Totalt 86 personar i sørlandsbyen har skrive under på ei liste for å markere at dei vil ha Antonsen som ordførar også i neste periode.

Video 93bad636-1de3-4053-8358-02dcab3a1e8b.jpg

Venstre-ordførar får Høgre-støtte

Eva Wiksen Næser

NY TILLIT: Eva Wiksen Næser, som har vore Høgre-politikar i 40 år, meiner Hans Antonsen (V) har gjort ein så god jobb at han fortenar å sitje ein ny periode.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi har veldig mange dyktige politikarar i Grimstad, men no har vi ein ordførar som saman med rådmannen og kommunstyret har greidd å snu skuta som heldt på å gå fullstendig på grunn her, seier Eva Wiksen Næser til NRK.no.

Ho er ein av initiativtakarane bak lista som vart publisert i ei annonse i lokalavisa Grimstad Adressetidende torsdag. Ho er ikkje lenger medlem av eit politisk parti, men har over 40 års fartstid som Høgre-politikar.

Strauma på med namn

– Når Hans Antonsen har gjort ein så god jobb tykkjer eg det er viktig at han får halde fram med å styre Grimstad, seier ho.

Å få folk til å skrive under på lista var ikkje noko problem. I utgangspunktet hadde initiativtakarane håpa på ei liste med 50 namn.

– Etterkvart strauma det berre på. Det kom telefonar, e-post og spørsmål om dei kunne få vere med på lista, seier Wiksen Næser.

Tidlegare Høgre-politikar Kjeld Malde har også sagt ja til å stå på lista. Han peikar på feilslått byggjepolitikk, som årsaka til at han no flaggar Venstre.

– Eg tykkjer at Høgre saman med Framstegspartiet har gitt altfor mange dispensasjonar i byen. Utbyggjinga har gått litt over stokk og stein etter mitt syn, seier han.

– Rett og slett rørande

Malde sit sjølv i styret i Grimstad By Vel. Dei er uroa for nygbyggjinga i byen.

– Vi tykkjer nok at nybyggjinga går utover Grimstad sin gamle trehusbebyggelse. I tillegg har jo Høgre gått ut i avisene og fortalt at dei vil halde fram som dei har gjort dei neste fire åra. Det er også litt av årsaka til at det kanskje er på tide at dei byrjar å tenkje seg om, seier han.

Hovudpersonen sjølv er overraska over den breie støtta.

– Det er hyggeleg med ei slik støtte, og det er rett og slett rørande at dei vel å stå fram med fullt namn på denne måten, seier ordførar Hans Antonsen.

– Lista viser breidda i Grimstad sitt samfunnsliv. Her er folk frå næringslivet, kulturlivet, organisasjonar og nokre som jobbar i offentleg sektor. Eg føler dette signaliserer ei brei støtte. Det er ei veldig sterk og god oppleving å sjå dette på trykk, seier han.

Kjeld Malde

TIL VENSTRE: Tidlegare Høgre-politikar Kjeld Malde er ein av 86 personar som har skrive under på eit opprop der dei støttar sittjande ordførar Hans Antonsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Skuffa Høgre-nestleiar

Spesielt overraska er han naturleg nok over at personar som har vore medlem i andre politiske parti også står på lista.

– Eg veit jo ikkje kva parti alle desse som står på lista har stemt på før. Men ein del av desse har jo stått fram som medlem av andre parti. Ein av dei er jo Kjelde Malse, som varsla tidlegare i sommar at han forlot Høgre. Så eg er veldig glad for at han har valt Venstre som sitt alternativ, seier Antonsen.

Nestleiar i Grimstad Høgre, Emil R. T. Schieldrop, likar dårleg at tidlegare Høgre-folk går over til Venstre ved årets val.

Hans Antonsen

RØRT: Hans Antonsen vart overraska og rørt då han fekk vite om lista med personar som vil ha han som ordførar også i neste periode.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

– Vi lever jo i eit demokrati og kvar enkelt må få lov til å gjere som dei vil. Men det er klart at eg må seie at eg tykkjer ikkje det er heilt okei, seier han til NRK.no.

Men han fryktar ikkje at fleire Høgre-tilhengjarar skal «flykte» til Venstre dei siste dagane før valdagen.

Positiv utvikling i byen

– Eg trur nok at dei fleste har danna seg ei meining. Det er jo gledeleg å sjå den nye meiningsmålinga der Høgre går fram. Det er god musikk i våre øyrer, seier Schieldrop.

I annonsa, som altså er laga av Venstre, står det at alle som står på lista ikkje nødvendigvis er samde med Venstre «i eitt og alt». Dei påpeikar også at alle ikkje er samde med alt Hans Antonsen gjer, men gir ordføraren tillit på grunn av positiv utvikling i Grimstad dei siste åra.

Eva Wiksen Næser meiner det illustrerer godt at eit kommuneval er meir retta mot person og ikkje parti.

– Det er det. Det kjem nok ein slengar frå eitt og anna parti også på mi liste, men eg brukar Venstre si liste. Det håpar eg også mange andre kjem til å gjere, seier den tidlegare Høgre-politikaren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %