Hopp til innhold

Største kreftstudie nokonsinne

Måndag starta den største kreftstudien i Norge nokonsinne på Sørlandet sykehus. Tusenvis av menneske mellom 55 og 64 år er invitert til å delta i prosjektet.

Jon Matre og Åse Sannæss

I GANG: Overlege Jon Matre og sjukepleiar Åse Sannæss på undersøkjingsrommet.

Foto: Eirik Damsgaard/NRK

Prosjektet skal førebyggje tarmkreft. Dei fire første møtte fram i dag og prosjektet skal halde fram i fleire år.

Smertefritt

– Dette er ein av dei største vitskaplege studiene innan klinisk medisin som er sett i gang i Norge nokonsinne. Det vil involvere 66 000 menneske i fleire europeiske land, seier prosjektleiar Michael Bretthauer frå Kreftregisteret til NRK.no.

I åtte av dei ti største kommunane på Agder vil samtlege personar mellom 55 og 64 år bli delaktig i undersøkjinga. 10 000 vert kontrollgruppe, medan 5000 vert inviterte til sjukehuset for ein sjekk.

– Vi ynskjer at friske folk kjem til tarmkikke-undersøkjing for å få fjerna forstadie til kreft. 1 av 5 går rundt med dette utan å vite det. Forstadiene kan fjernast lett ved ei slik undersøkjing. Det er smertefritt og tek få sekund å få fjerna, seier han.

– Vi trur det kan førebyggje utvikling av kreft i framtida, seier Bretthauer.

Undersøkt med tarmkikkert

I dag vart dei fire første undersøkt med tarmkikkert.

– Det har gått veldig greit, seier sjukepleiar Åse Sannæss.

Sjølv om fleire tusen skal undersøkjast, kan ein ikkje møte opp på eige initiativ.

– Dette vert gjort som eit ledd i eit vitskapleg studie. For å få det metodemessige korrekt vil det bli plukka ut eit tilfeldig utval. Dermed er det slik at dersom ein har plager, må ein søkje lege på vanleg måte, seier overlege Jon Matre.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %