NRK Meny
Normal

Størst auke i flytrafikken

Kristiansand lufthavn Kjevik opplevde størst auke i talet på reisande av alle flyplassane i landet i oktober.

Fly

AUKE: Kristiansand lufthavn Kjevik opplevde størst auke i talet på utlandsreiser samanlikna med andre flyplassar i landet førre månad.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Ifølgje Avinor hadde Kristiansand lufthavn Kjevik ei auke på 4 prosent i oktober i år, samanlikna med same månad i fjor.

Nær 4,6 millionar passasjerar reiste til eller frå ein av Avinor sine lufthamner i løpet av oktober. Det er ei auke på 2,8 prosent samanlikna med oktober i fjor.

På Avinors største lufthavn, Oslo Lufthavn Gardermoen, auka talet på passasjerar med 3,1 prosent i oktober samanlikna med samme periode i fjor.

Blant dei store lufthamnene var veksten størst på Stavanger lufthavn Sola. Passasjertallet gjekk der opp med 3,9 prosent.

Trondheim lufthavn Værnes følgjer etter med ein vekst på 2,4 prosent, medan Bergen lufthavn Flesland hadde ein vekst på 1,7 prosent.