NRK Meny
Normal

Storkommune i Setesdal i det blå

Det vert truleg ikkje samanslåing av dei fire kommunane i Setesdal. Det kom fram i etterkant av Setesdalstinget måndag.

Laster kart, vennligst vent...

Alle dei fire kommunestyra var samla på Setesdalstinget.

Fleire alternativ har vorte utgreia. Mellom anna ei samanslåing av Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes.

Utgreiinga viste mellom anna at dei fire kommunane kan spare 40 millionar kroner årleg i administrasjonskostnader på å slå seg saman.

Bykle og Valle seier nei

Jon Rolf Næss

Jon Rolf Næss er ordførar i Bykle.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Tarald Myrum

Tarald Myrum er ordførar i Valle.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Bykle-ordførar Jon Rolf Næss er klinkande klar på at han ikkje ynskjer ei samanslåing med nokon andre kommunar.

– For mitt vedkommande står det såkalla nullalternativet sterkt. Det er i alle fall ikkje svekka. Det er store avstandar, vi har eit veldig høgt tenestenivå og gode kraftinntekter. Vi har kraft nok sjølv per dags dato til å stå aleine, seier Næss til NRK.

I Valle er kommunen sitt slagord «Gjestfri for nye tankar». Men ordførar Tarald Myrum er ikkje interessert i å slå seg saman med nokon av nabokommunane akkurat no.

– Vi føler det er viktig at der er folk i både Valle, Bykle og Bygland som jobbar kvar einaste dag for å utvikle gode teneste og næringslivet på plassen dei er. Men det kan skje ting i prosessen som kan gjere det aktuelt å sjå på andre konstellasjonar, seier Myrum.

Bygland vurderer alternativ

Byglandsordførar Leiv Rygg ynskjer ein storkommune i Setesdal, men innser at det truleg ikkje blir noko av.

Leiv Rygg

Leiv Rygg er ordførar i Bygland.

– Det er nok urealistisk å tenke på ei samanslåing. Vi må ha med alle, seier han.

No vurderer han moglegheitene for å slå seg saman med Åseral og Evje og Hornnes.

– Det er særs interessant. No blir det vår jobb å kommunestyret å og folket i Bygland å ta stilling til om det er beste måten å løyse Bygland sine utfordringar på, eller om det er betre å stå aleine. Å gje eit klart svar på det no kan eg ikkje, seier Rygg.

Evje og Hornnes vil ha samanslåing

Ordførar i Evje og Hornnes, Bjørn Ropstad, ser på ei samanslåing med Bygland og Åseral som det mest realistiske.

– Det er det mest realistiske alternativet. Vi har jobba godt med det og det er eit spennande alternativ, seier Ropstad.

Trass i at det neppe vert ein storkommune i Setesdal er Jon Rolf Næss i Bykle klar for å styrkje samarbeidet med dei tre andre kommunane.

– Samarbeidet må utviklast og forsterkast. Det ligg mykje spennande politisk arbeid føre oss, sjølv om vi ikkje blir ein storkommune, seier Næss.

Bjørn Ropstad

Bjørn Ropstad er ordførar i Evje og Hornnes.

Foto: Svein Sundsdal/NRK